Margunn avsluttar året med ein smell

Hos Margunn Hagen kan du snart både få deg ein klipp og litt fargerikt sprengstoff.


Margunn Hagen på Håret Frisør i Lavik likar å ha mange jern i elden, og no har ho fått seg enda eitt som både brenn eksplosivt og lagar høge smell.

– Eg fekk ein førespurnad frå Svea Fireworks tidlegare i år om eg kunne tenke meg å selje fyrverkeriet deira, og etter litt områdingstid fann eg ut at det er noko eg kunne tenke meg å prøve.

Bakgrunnen for det valet er at det ikkje var fyrverkeri å få kjøpt i Lavik i fjor, og Hagen kjenner heller ikkje til andre i Høyanger kommune som skal selje det underhaldande sprengstoffet i år.

– Eg synest det er synd om det ikkje skal vere eit lokalt fyrverkeritilbod slik at folk må reise ut av kommunen for å handle dette. Forhåpentlegvis kan eit slikt sal i romjula bli eit lite trekkplaster for Lavik der folk på jakt etter fyrverkeri også vel å nytte andre handel- og servicetilbod når dei først er i bygda.

  Fyrverkeri

  • Fyrverkeri vart oppfunne i Kina for over 2000 år sidan, opphavleg brukt i religiøse seremoniar og for å skremme vekk vonde ånder.
  • Fyrverkeri består av krut (ei blanding av kol, salpeter og svovel) og kjemiske sambindingar som skapar ulike fargar når dei brenn. Ulike metall gir dei sterke fargane i fyrverkeri. Til dømes gir barium grønt lys, kopar gir blått, og strontium gir raudt.
  • Privatpersonar har lov til å bruke fyrverkeri berre på nyttårsaftan mellom kl. 18.00 og 02.00.
  • Kvart år blir det ifølge Tolletaten importert om lag 2000–3000 tonn fyrverkeri til Norge, og fyrverkeribransjen har ein årleg omsetnad på om lag 500–600 millionar kroner.

Alt på stell

Det er ikkje noko forbruksvare som er så strengt regulert som sal av fyrverkeri, og det er berre mellom 27. og 31. desember at ein kan få kjøpt slike produkt.

– Eg har ein lagercontainer på plass utanfor frisørsalongen min i Lavik sentrum der fyrverkeriet blir lagra, og så vil eg ha sjølve utsalet her inne i salongen. Eg ryddar nok vekk ein klippestol for å få plass til fyrverkeribiten, men eg vil halde frisørdrifta i gong medan eg sel fyrverkeriet, så det blir nokre dagar her der du både kan få klipt deg og kjøpt fargerikt sprengstoff på ei og same tid, om du ønsker det.

Det er ikkje berre berre å selje fyrverkeri heller, men den driftige dama – som sjølv likar litt action og at det smell litt – har alt på stell, og har også fått med seg god hjelp.

– Alt papirarbeidet er for lengst i orden og søknadar innvilga. Sonen min Mats er med på laget, og han synest at dette er veldig moro å drive med. Eg har og fått med meg Inge Øystein Norevik, så saman er vi ein fin trio som står bak.

Dei tre har også blitt kursa i korleis fyrverkeriet skal handterast, for ein skal – som Hagen sjølv seier det – halde tunga beint i munnen og ha respekt for at det som er eit underhaldande innslag når vi går inn i eit nytt år også kan vere potensielt svært farleg.

– Svea har vore veldig flinke til å følge oss opp med god informasjon og tilrettelegging, noko som har gjort oss trygge på at vi har gjort alt etter boka og er klare til å starte salet.

Fullt sortiment

Hagen fortel at dei vil tilby eit breitt spekter av fyrverkeriprodukt frå Svea sitt sortiment frå effektbatteri i ulike storleikar til stjerneskot og mindre fyrverkeri meint til bruk på bakken.

– Her skal det vere noko for ein kvar smak og eit kvart budsjett, så det er berre å stikke innom for å sjå kva vi har å tilby.

No gler ho seg til å prøve ut tilværet som fyrverkeriseljarar.

– Vi er veldig spente på korleis dette blir, og sjølvsagt også på korleis vêret blir nyårsaftan. All erfaring tilseier at etterspuranden etter fyrverkeri blir størst om det ligg an til å bli fint vêr når det nye året blir ringt inn.