Det er mykje som skjer på arrangementsfronten for tida, og eitt av dei lokale arrangementa som skal gå av stabelen i nær framtid er aktivitetsdagen i Lavik laurdag 15. juni.
Margunn Hagen, som står bak arrangementet, har kanskje ikkje kvilepuls for tida, men det er ikkje langt ifrå. – Vi ligg godt an, så om vi får vêret med oss og no så blir det bra. Akkurat no handlar det mest om å samle lause trådar som å hente premiar og ymse andre praktiske gjeremål, og for kvar dag som går fell det nye bitar på plass i puslespelet. Hagen fortel at ho får mykje god hjelp av dei som har blitt med på aktivitetsdagen og andre frivillige. – Nokre av aktivitetane som veteranbil- og dyreutstillingane har eg lite med å gjere, for dei tek aktørane bak seg av heilt og haldent sjølv. Mi rolle er i stor grad å planlegge og koordinere, og svare på ymse praktiske spørsmål som måtte dukke opp.Margunn Hagen håpar som alle andre utearrangementsarrangørar på fint vêr til helga. Ho ligg godt an med sin aktivitetsdag, og gler seg til å samle folk til ei triveleg stund på laurdag. (Foto: Privat)
Alt i rute for aktivitetsdagen i Lavik
Arrangør Margunn Hagen ser lyst på livet, nokre dagar før aktivitetsdagen i Lavik.