– Gong på gong har meiningsmålingar vist stort fleirtal mot samanslåing, skriv Ingunn Kandal i innlegget sitt.
YTRINGAR

Folkerøysting om Sogn og Fjordane no!


Regjeringsplattforma er kanskje klar når dette kjem på trykk.  Men i skrivande stund veit vi ikkje om den inneheld noko om Sogn og Fjordane si framtid. 

Senterungdommen i Sogn og Fjordane hadde no i månadsskiftet eit utspel der dei gjentek kravet om folkerøysting.  Det skal dei ha ros for.  Dei hadde, som ungdomsorganisasjonen til SP, grunn til å forvente at partiet følgjer opp dette.

Både Ingrid Heggø (AP) og Liv Signe Navarsete (SP) gjekk i det avgåtte Stortinget mot samanslåing med Hordaland.  Det skal dei ha ros for.

No har vi eit nytt stortingsfleirtal – bl.a. fordi fleirtalet av veljarane reagerte mot sentralisering.  I Sogn og Fjordane er vi tre parti (Raudt, SP og SV), som ved stortingsvalet meinte at det må haldast ei folkerøysting om samanslåinga.

Gong på gong har meiningsmålingar vist stort fleirtal mot samanslåing.  Den siste viste 53 % mot samanslåing og 38 % for samanslåing.  Dersom dette også er folkemeininga, seier det seg sjølv at sentraliserings-framstøyten Vestland må oppløysast.

Tilhengjarane av samanslåinga set seg mot folkerøysting og meiner at Vestland er framtida både for Bergen by og for alle andre kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane.  Men dersom Vestland er så fortreffeleg; korfor vågar dei då ikkje å halde ei folkeavrøysting?

Raudt forventar at SP har stilt krav til regjeringsplattforma med AP om at det blir halde rådgjevande folkerøysting om Sogn og Fjordane som eige fylke.  Noko anna vil vere eit svik overfor kva SP stod for i valkampen.  

Dersom SP sviktar, kva kan Raudt og SV gjere?  I mange saker vil ei AP-SP-regjering trenge støtte frå Raudt og SV for å få vedteke politikk som bryt med høgre-politikken.  Dersom folkerøysting ikkje ligg i regjeringsplattforma, må vi få det til gjennom press utafrå.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.