På skogsvegen ovanfor Berge er det fint utsyn og ein kan blant anna gå opp til trimpostane Karthaugane og Furuhaugane. På benken sit Siv Anne Haaheim og sonen, Sigurd Olai Hatlestad. (Foto: Privat)

Fjelltrimmen på Kyrkjebø 2022/2023

Over 7000 var innom trimpostane til Kyrkjebø IL sesongen 2022/2023. Fjelltrimkonge vart, Alan Davenport og Fjelldronning vart Norunn H. Hoff.


Fjelltrimmen til Kyrkjebø IL har 15 trimpostar ved fjorden, i skogen og på fjellet.

Det er mange spreke turgåarar på Kyrkjebø. Fjelltrimkonge vart Alan Davenport med 3100 poeng og Norunn H. Hoff vart fjelldronning med 3874 poeng.

Over 7000 har registrert seg i trimbøkene eller på appen, Georeg.
Georeg er nyleg innført og plan er å få lagt inn alle turruter på denne appen.

I 2023 vart det sett opp tre nye trimpostar i nærområdet. Ein på «Raudhammaren» ved badestranda på Austrheim, ein på «Myleskjeret» ved idrettsbana og ein ved ««Trollskogen». ovanfor nærbutikken.

Det er blitt gjort ein del vedlikehald på fleire turruter og det er planlagt mykje vedlikehald for 2024. Det er innført «fadderordning» på alle turrutene, og Fjelltrimmen manglar framleis nokre faddrar.

Fjelltrimdronninga, Norunn H. Hoff er på Moldurfjellet (844 m.o.h) og det er blant anna fint utsyn austover mot Storevatnet. (Foto: Privat)

Fjelltrimdronninga
Norunn H. Hoff deltek i klassa over 70 år og hadde mest poeng av alle som har registrert seg. Når ho er på Kyrkjebø, går ho nesten dagleg på trimpostane, Brekka eller på Vetlevassfjellet. I sommarhalvåret synes ho det er fint å gå utover Bergefjell (Toppenhytta), Skålebotnsfjellet og til Vetlevassfjellet og vidare ned att på Kyrkjebø. Å gå på fjellet og å vere ute i naturen gjev ho mykje energi. Norunn fortel at det som er fint med trimpostane til Fjelltrimmen til Kyrkjebø IL, er at du kan gå både lange og korte turar som er tilpassa alle aldersgrupper. Saman med mannen Frode Hoff (2904 poeng) har dei delteke på fjelltrimmen i 30 år og vil få overrekt premie for det på årsmøte til idrettslaget.

Trimgruppa, Kyrkjebø IL

Fjelltrimmen KIL
1.sept. 2022 – 31. aug. 2023

Klasse 13-59 år
Namn (poeng)
Kariann H. Davenport (3730)
Alan Davenport ( 3100)
Kjell Arne Haugsbø (1253)
Guro Grønvold (1156)
Anne Karin Frivik (304)
Laila Hovlandsdal  (238)
Eva Nyland( 170)
Egil Åsnes( 130)
Geir Ove Elveseter( 75)

Klasse 60-69 år
Namn (poeng)

Magne Tonning( 2161)

Klasse 70 år og over
Namn (poeng)

Norunn H. Hoff (3874)
Frode Hoff (2904)
Gunhild K. Bekkelien (1213)
Karl Magnus Gudvangen (161)

Vetlevassfjellet. Norunn H. Hoff og mannen Frode Hoff går mange turer opp til trimposten Vetlevassfjellet (733 m.o.h). (Foto: Privat)

Besøkstal, 2022/2023 (Totalt: 7174)
Stupet 290 m.o.h 2409
Naveset 380 m.o.h 1942
Ljotebøstølen 390 m.o.h 691
Vårstølen 390 m.o.h 629
Kyrkjebøstølen 520 m.o.h 524
Brekka 485 m.o.h 432
Vetlevassfjellet 733 m.o.h 263
Toppenhytta 878 m.o.h 243
Moldurfjellet 844 m.o.h 136
Skålebotnfjellet 877 m.o.h 79
Karthaugane 545 m.o.h 57
Furuhaugane 550 m.o.h 48

20-årspremie:
Laila Hovlandsdal

30-årspremie:
Norunn H. Hoff
Frode Hoff