Ferje med hardt samanstøyt med kai - alle naudetatar har rykt ut

Vest politidistrikt melder om mogleg skader på to personar.


Klokka 12.03 i dag fekk Vest politidistrikt melding om at ei ferje har hatt eit hardt samanstøyt med ferjekaia i Lavik. Det melder dei på X (tidlegare Twitter).

Alle naudetatane har rykt ut til staden, og dei melder også at det er mogleg skadar på to personar.

Vegtrafikksentralen melder at B-ruta blir innstilt inntil vidare, og at det blir avgong kvar heile og halve time frå begge sider av fjorden.

Det blir og meldt at ferja no ligg trygt til kai.