Havyard signerer milliardavtale

Havyard har signert intensjonsavtale med Norled for bygging av tre hybride batteriferjer. Avtalen inkludere også opsjon på eit tilsvarande fartøy.


Ein god kunderelasjon, lang og tung erfaring innan ferje-segmentet og sterk konkurranseevne ligg til grunn for signeringa av denne avtalen hjå Havyard. Dei tre skipa som avtalen omfattar skal trafikkere rutene «Stokkevågen-Lovund» og «Stokkevågen-Træna» frå og med 2027 og er designa av LMG i Bergen.

Skipa måler 84,5 meter i lengd, er 15 meter breie, og har plass til 60 bilar og 250 passasjerar, inkludert mannskap. Batterikapasiteten for kvar av ferjene er cirka 8000 kWh, og gjer dei til dei ferjene med størst batterikapasitet i Noreg.

– Det er svært kjekt å kunne kunngjere ei slik nyheit til dei tilsette rett før jul. For ein salgssjef er dette ei svært fin julegåve å kunne gi. Dette er den andre signeringa sidan vi fekk nye eigarar, og det gir oss ein strålande start for vår satsing på nybygg. I tillegg vil det gi oss ein langsiktigheit som vi har lengta lenge etter. Vi set stor pris på prosessen vi har vore ein del av saman med både Norled og LMG og ser fram til samarbeidet, seier Silje Smådal, salssjef i Havyard Leirvik.

Havyard har ei lengre historie med bygging av batteriferjer, både når det gjeld reine nybygg og ombyggingar frå diesel-mekanisk.

– Vi har stor erfaring med bygging av liknande fartøy, og dette blir den første leveransen i den nye eigarstrukturen. Skrogproduksjonen skal føregå i Tyrkia, og utrustingsarbeidet i Leirvik. Dette er ein kjend modell for Havyard, og vi ser fram til å kunne levere eit godt produkt til Norled saman, seier Tor Leif Mongstad, administrerande direktør i Havyard Leirvik.

Dei nye ferjene blir den første leveransen med nye eigarar for verftet i Leirvik. (Foto: Havyard)