Kunstfaga i hardt vêr - vi treng meir kreativ kompetanse, ikkje mindre


Kunstfaga i den vidaregåande skulen er i hardt vêr om dagen og vi treng ei mobilisering for desse! 

Kvifor er søkjartala som dei er og kva kan vere årsakene til nedgangen for dei estetiske linjene?  Det ligg meir bak tala enn berre elevtalsnedgang generelt i Vestland. Vi legg til grunn eit breitt perspektiv når vi prøver å sjå på nokre av utfordringane som kan gje meir innsikt i søkjartala. 

Kultur formar oss som menneske og samfunnet vi er ein del av. Eit sterkt og mangfaldig kulturliv har ei skapande kraft gjennom å legge til rette for gode møteplassar, bidra til demokrati, deltaking og medverknad. Kulturlova (2007) vektlegg at alle skal få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleve eit mangfald av kulturuttrykk. Har du aldri fått besøkt eit teater, ei kunstutstilling eller ein livekonsert kan det vere vanskeleg å bli kjent med ulike kulturutrykk og få vekt di interesse. Det er mange ulike barrierar, men det å delta eller vere brukar av kulturtilbod gjev auka kompetanse og betre helse. 

Det er ein generell nedgang i elevtal i Vestland, men det er fleire element som spelar inn på lågare søkjetal til kunstfaga i den vidaregåande skulen. Vi vel å sette søkelys på utviklinga og satsinga på dei estetiske faga i heile utdanningsløpet. 

Det er stor mangel på lærarar i praktisk- estetiske fag i skulen. Statistisk sentralbyrå (2019) viser at rundt halvparten av lærarane som underviser i praktisk- estetiske fag i grunnskulen, manglar formell kompetanse. Vi treng kompetente lærarar slik at elevar kan få utfolde skaparglede, engasjement, utforskartrong, og lære seg problemløysing gjennom dei estetiske faga i skulen. Praktisk- estetiske fag og læreprosessar er nærast marginalisert i dagens lærarutdanning. Skal desse faga få sin rettmessige plass i skulen, er lærarutdanningane ein god stad å starte. 

Dei kommunale kulturskulane har ei viktig rolle i det norske opplæringssystemet og i det lokale kulturlivet. Tilbodet er eit lovfesta kommunalt tilbod, og frå sentralt hald er det gitt signal om at kulturskulen skal vere eit lokalt kompetansesenter innan estetiske fag i kommunane. Men variasjonen er altfor stor både i kvalitet, fagtilbod og tilgjengelegheit. Det er heller ikkje eit formelt utdanningskrav, og nokre kommunar kan ha små kulturskular med få tilsette utan formell utdanning, andre kommunar har høgt utdanna lærarar med høgskuleutdanning innan sitt fag.

Med dette som bakteppe er det klart at det ikkje berre er elevtalsutviklinga generelt, men og manglande opplæring i dei praktisk- estetiske faga som påverkar. Mange elevar har ikkje fått møte kunstutdanna fagfolk og gode rollemodellar.  Dette kan vere med og spele ei avgjerande rolle for elevar den dagen linjevalet skal gjerast i den vidaregåande skulen. 

Vestland skal vere eit leiande kulturfylke og eit kulturelt kraftsenter som skal utvikle regionale kvalitetar og ressursar. Vi skal satse på og utvikle gode initiativ og sterke fagmiljø. Styrke fordjupingstilboda og talentsatsinga står det å lese i Regional plan for kultur. 

Sunnfjord kommune har i sin samfunnsdel i kommunedelplanen som mål å vere eit kulturelt tyngdepunkt i Vestland. Sunnfjord kulturskule har tatt eit utvida ansvar for fordjuping i kunstfaga i regionen sidan 2021 og har 8 profesjonelle distriktsmusikarar tilsett. Dette for å følgje opp Stortingsmelding 18 der det står at alle barn og unge “som ønskjer det og er kvalifiserte for det, skal kunne få eit fordjupingstilbod uavhengig av kva kommune dei bur i” (Stortingsmelding 18, punkt 8.3.7). Sunnfjord kulturskule vil vere ein pådrivar for å gje talent vekstvilkår på nasjonalt nivå der talenta bur innan dei faga det er behov for, som musikk, musikkproduksjon, visuelle kunstfag, teater, skapande skriving og anna. Samarbeidet med Firda vidaregåande skule si musikk-, dans- og dramalinje er svært viktig for å ivareta den heilskaplege opplæringa for kvart enkelt individ. Fordjupingstilbodet har ekstern finansiering ut 2025 og vidareføring av tilbodet er usikkert. 

Det er mykje bra arbeid som vert lagt ned på kulturfeltet både av frivillige og profesjonelle. Men vi er likevel svært uroa for nedprioriteringa av dei estetiske faga og ringverknadane dette kan få for kulturlivet i kommunane i åra som kjem. Vi treng å rekruttere og behalde kulturkompetanse i distrikta. 

Kultur og kreativ næring er ei samlenemning på næringsverksemd som er basert på kulturelle uttrykk som primært kommuniserer gjennom estetiske verkemidlar. For å styrke den økonomiske berekrafta, for den enkelte utøvar og for bransjane innan kulturell og kreativ næring, må vi stå saman om å få heile kjeda til å fungere. 

I staden for kutt i tilboda til dei estetiske linjene no, bør vi mobilisere for auka fagkompetanse i heile utdanningsløpet for elevane i dei estetiske faga. Vi treng eit mangfald av kulturtilbod og utdanning der dei unge er! 

Anita Nordheim  
Kommunalsjef kultur og idrett Sunnfjord kommune 

Trude Skarvatun
Einingsleiar Sunnfjord kulturskule