Feil om utbygd vindkraft


Planar om vindkraft i Høyangerfjella vekkjer engasjement. I Ytre Sogn 8. desember er det eit stort oppslag, der Einar Rysjedal (R) nyttar Sogn og Fjordane Energi (SFE) sitt nyleg utbygde vindkraftverk på Lutelandet som døme på stort arealbruk knytt til vindkraft. Vi kan ikkje la det stå uimotsagt når han hevdar det der har gått med 82 dekar til oppstillingsplassar for 10 turbinar. Landmålinga viser at det for Lutelandet vindkraftverk gjekk med 19 dekar for oppstillingsplassar til dei ni vindturbinane og vart bygd 4,9km veg. Vi og fleire med oss meiner vindkraftverket på Lutelandet på ein skånsam måte har tilpassa vegar, kranoppstillingsplassar og vindturbinane til terrenget og nytta arealet på ein effektiv måte. SFE er stolt over det utbygde vindkraftverket på Lutelandet i Fjaler, slik vi også er stolt av det utbygde vasskraftverket på Østerbø i Høyanger. Begge anlegga produserer rundt 150 mill kWh rein fornybar straum årleg. Utbygginga av vindkraftverket har i tillegg sikra lokalsamfunnet eit nytt, sterkt straumnett som legg til rette for næringsutvikling i regionen. Lutelandet vindkraftverk er heileigd av SFE, og eit døme på norsk eigarskap innan vindkraft. Dersom Einar Rysjedal og andre politikarar frå Høyanger er interessert å ta dette flotte vindkraftverket vårt nærare i augesyn, så er de hjarteleg velkomne til å kontakte oss om det.

Stig Svalheim
Dagleg leiar i Lutelandet Energipark AS og leiar for Strategisk utvikling i SFE