Vindkraft kostar meir enn Hydro Aluminium vil betale


Vi registrerer at Hydro v/kommunikasjonsdirektør Molland, ikkje har svara på vårt siste innlegg om at kraftkrevjande industri og vindkraft ikkje passar saman. Vi har forståing for at det er krevande for Hydro å forklare sjølvmotseiinga vi peika på, nemleg at å miste 1,65 TWh vindkraft i Sverige ikkje har påverknad på kraftforsyninga til selskapet sin norske aluminiumsproduksjon, medan 1,6 TWh vindkraft i Sunnfjord, Høyanger og Årdal er heilt avgjerande for Hydro. Men som den sentrale samfunnsaktøren Hydro er, og med så omfattande vindkraftplanar Hydro har i fjella våre, så burde vi kunne forvente ein brei og imøtekommande debatt frå Hydro si side.  
I staden les vi i Firda 02.01.2024 at vindkraft i Snøheia igjen vert peika på som viktig for den framtidige kraftportefølja til Hydro. Også her kjem det fram at leveleg kraftpris for aluminiumsproduksjon er 40 øre/kWh. Hydro sin fabrikksjef i Høyanger, Ann Synnøve Øygård, klargjer at Hydro ikkje kan selje rabattert kraft til seg sjølv – prisen må harmonere med marknadsverdien – men selskapet håpar at prisen kan ligge på eit nivå der produksjonskostnaden for vindkrafta vert dekka. Vi andre meiner det kan bli vanskeleg nok slik overskotsjaget i kraftmarknaden har fått lov å utvikle seg.  Øygård viser jamvel til at Statnett estimerer ein gjennomsnittleg kraftpris i 2030 på 80 øre/kWh, noko som ikkje er leveleg for industrien. 

NVE si oversikt viser produksjonskostnad på 41,5 øre/kWh for vindkraft. Fred Olsen Renewables uttalte til Energiwatch den 22.02.2023 at dei rekna 51 øre/kWh, inkl den vedtatte grunnrenteskatten på 25%, i produksjonskostnad for vindkrafta. 
Sidan vindkrafta kun har ei utnyttingsgrad på om lag 30%, trengs det balansekraft i tillegg til vindkrafta. I Finansavisen 02.01.2024 skriv siviløkonom Ivar Strompdal at når vasskraft skal balansere vindkraft, så vert denne vasskrafta bunden opp til vindkrafta, og kan ikkje disponerast fritt på anna marknad. Dermed må vindkrafteigarane betale vasskrafteigarane det det kostar å disponere vasskrafta. Og dermed ender vindkrafta opp som den dyraste krafta, og ikkje den billegaste, slik kraftbransjen hevdar. 

Saka til vindkraftverket Markbygden Ett som søkte konkursbeskyttelse pga. problem med å levere kraft til Hydro til avtala pris, syner at ekstrakostnaden med balansekraft til Hydro i 2022 var omlag 45 øre/kWh for dette svenske selskapet. Dersom drifts- og utbyggingskostnaden med vindkrafta også her var 41,5 øre, blir den samla kostnaden 86,5 øre/kWh.

I 2023 hadde Norge eit kraftoverskot på 20 TWh. Samtidig har Norge hatt dei høgaste kraftprisane i Europa. Likevel vil NHO, LO, regjeringa og kraftbransjen ha oss til å tru at meir vindkraft raskt kan løyse prisproblemet. Dette er ikkje sant. Meir vindkraft vil gjere kraftbransjen rikare, og industrien og folket fattigare. Dette fordi vindkrafta sin ustabilitet gjev vasskrafta vår ein høg verdi i dagens overnasjonale marknad. Så høg at vindkraft+balansekraft vert for dyrt samanlikna med dei 40 øre/kWh som Hydro seier at aluminiumsproduksjonen toler. 

Albert Berveling
For folk og fjell

Ingunn Kjelstad
Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn