I det siste har det kome oppslag om at Eviny har kjøpt vindkraftanlegga på Guleslettene og Tellenes. Eit av mange kritikkverdige tilhøve med vindkraftanlegga, er at dei i hovudsak er utanlandskeigd. Så det kan sjåast positivt at dei nemnde vindkraftanlegga kjem i norsk eigarskap. Men kan det og vere eit forsøk på å få lokal aksept for meir vindkraftanlegg, i tråd med nasjonalt press?
For Eviny har gitt signal om at dei vil satse stort på vindkraftanlegg. Dei vil ikkje gje opp vindkraftanlegg på Snøheia, fjellmassivet mellom kommunane Sunnfjord og Høyanger. Dette er i strid med tidlegare påstand om at dei berre vil gå vidare med prosjektet dersom det føreligg lokal aksept. I romjula 2023 var det fleire langvarige straumbrot på stader som er forsynt av 60 år gamle kraftlinjer. Det hadde vore meir tenleg å bruke ressursane på å oppgradere slike kraftlinjer til moderne standard. Stormar på nivå med Dagmar i 2011, kjem vi til å oppleve igjen. Derfor må det vere i alle sine interesser å ha ei forsvarleg bemanning på vaktordninga året rundt. Ingen av Eviny sine representantar innan vindkraft, kjenner til fjellandskapet dei vil herpe med vindkraftanlegg. Men dei legg fram same innøvde påstandar som at eit vindkraftanlegg berre vil bruke 1 % av arealet, og framhevar sterkt at det frå før er inngrep med vasskraftutbygging der. Lokalkjende folk veit at dei regulerte vassdraga er på vel 600 moh., omkransa av fjell. Vasstilførslene mellom magasina går gjennom tunnellar i fjella og frittrennande elvar. Vegen til Fossvatnet og Monsdalsvatnet er ueigna til å frakte vindturbinar, så det må etablerast nytt vegsystem for å få vindturbinar opp på 1000 meter høge fjelltoppar. Det inneber inngrep i urørt natur som ikkje let seg revegetere eller reparere. Dei klimatiske tilhøva på fjelltoppane, vil gjere driftstekniske problem uungåeleg. Og det er ikkje til å unngå at eit vindkraftanlegg vil kome i konflikt med drikkevasskjeldene på begge sider av fjellrekka. Det er viktig at folk gjer seg kjende med kartleggingane Biofokus og Birdlife har gjort. Det er eit stort folkeleg engasjement mot å øydeleggje intakt naturmangfald. Det er ikkje basert på mytar slik det er forsøkt framstilt. Så ver venleg, Eviny; respekter at vidare vindkraftutbygging er uønskt. Er det verdt å risikere omdømmet på eit prosjekt som ikkje kan gjennomførast? Eviny/BKK har mange dyktige og hardtarbeidande montørar og planleggjarar som står på for at straumnettet skal vere intakt for å sikre lys og varme til alle heimar. La dette vere kjenneteiknet på vårt lokale kraftselskap. Ove Hatlestad Solås