EØS-avtalen kostar oss dyrt


Dei siste sjua år har Noreg betalt inn rundt 30 milliardar kroner til EU. I november kunne ein lese i Nationen at Noreg skulle betale meir, men at EU ikkje var fornøgd med auken og ville ha endå meir.  

Det er uakseptabelt at eit land skal betale slike summar for å kunne ha handel over landegrensene. Vi trur det er berre EU som finn på slikt. Tenk kva desse milliardane heller kunne vore brukte til – f. eks. auka tilbakeføringar til kommunane sine tenester til unge og eldre!

Men EØS-avtalen kostar oss dyrt også på andre område. For fri flyt-tilbedarane og marknads-liberalistane i kraftbransjen og for den sentrale politiske eliten, er EØS nyttig draghjelp. EU-regelverk og EØS-krav har tvinga fram ein prisdrivande krafteksport som har uakseptable sosiale og nasjonale konsekvensar.

Auka straumprisar legg unødvendige auka utgifter på næringslivet i landet. Vi skriv unødvendige fordi Noreg ikkje lenger i same grad får nyte same fordelen som før av billeg vasskraft. Kraftkrevjande industri som i Høyanger, er blant dei som bli spesielt pressa. Auka straumprisar vil i verste fall bety kroken på døra for arbeidsplassar innafor fleire næringar. 

Tap av billeg vasskraft, har også auka klasseskilja i landet – det er ikkje lenger berre dei økonomisk vanskelegstilte som lir. Forbruksforskningsinstituttet SIFO har nyleg gitt gitt ut ein rapport med det godt beskrivande namnet «Utsatte grupper i dyrtiden». Dei auka straumprisane påverkar og dreg opp prisen på (alle) andre varer. Resultatet har blitt reallønnsnedgang – som vi håpar fagrørsla vil stoppe gjennom lønnskamp, og om nødvendig med streik, til våren.

EU jobbar med eit revidert avløpsdirektiv. Det kan, gjennom EØS-avtalen, bli ein trussel mot kommunal økonomi og kva hushalda må betale i kommunale avgifter. Norske sentralstyresmakter har ikkje ofte nok sett foten ned mot EU-direktiv. Dette kan koste oss dyrt.

Sjølvsagt har EU også regelverk m.m. som er positivt samanlikna med tilsvarande norske reglar (eller mangel på reglar). Når Noreg blir kjent med slike EU-reglar, står vi fritt til å innføre dei. Men korfor skal Noreg, arbeidsplassar og vanlege folk, gjennom EØS-avtalen og norske regelryttarar, bli påført EU-direktiv og EU-reglar som er til skade for oss? 

EØS-avtalen kostar oss dyrt og må seiast opp. No står blant anna kampen om EU sin fjerde energimarknadspakke. Norge må i ta i bruk vetoretten. Vi må tilbake til frihandelsavtalen og andre bilaterale avtalar med EU slik vi har med andre land.

For Raudt Høyanger sitt medlemsmøte.

Einar Rysjedal
Leiar