Her kjem det fram at Kinn er kommunen i Sogn og Fjordane med høgste bukostnadene for einebustad på 120 kvadratmeter. Den viser at snittprisen er på 102.192 kroner i 2021 i kystkommunen.
I andre enden finn ein Årdal kommune, med 83.862 kroner. Det gir ein forskjell på 18.330 kroner mellom dyrast og billegaste kommunen i Sogn og Fjordane. Desse faktorane er inkludert i bukostnadane:* Eigedomsskatt
* Kommunale gebyr
* Energikostnader
* Forsikring
* Vedlikehaldskostnader Når det gjeld ytre Sogn, er Gulen den kommunen som har høgste bukostnadane, med 98 165 kroner. Det er ein auke på 18,2 prosent i høve til året før. Deretter følgjer Hyllestad med 97 168 kroner (+9,0%) og Solund med 92 770 kr (+10,7%).
I Høyanger er bukostnadane på 81 568 kr (6,0 %). Berre Aurland og Årdal har lågare, med høvesvis 86 382 og 83 862 kr.