Einar Rysjedal, Raudt.
YTRINGAR:

Er EØS-avtalen berre av det gode?


Ei fylkeskommunal byggjekontrakt på 100 millionar kroner gjekk i juli til eit dansk verft.  Det handla om bygging av eit opplæringsfartøy til Måløy vidaregåande skule. 

Dette tapet for norske arbeidsplassar var ikkje eineståande.  NRK kunne 15. juli opplyse at staten og fylkeskommunane har tinga 14 skip i utlandet sidan 2017; dvs. det året til Solberg gjekk inn i si andre regjeringstid. 

Kor høge krone-summen av desse 14 kontraktane er og kor mange arbeidsplassar som er gått tapt har vi dessverre ikkje sett tal på.  Eller skulle vi kanskje heller skrive «heldigvis» - for dette er dramatisk både for dei tilsette ved verfta som tapte og for lokalsamfunna det gjeld.

Det er derfor meir og verre enn merkeleg at AP-ordførarane i Sogn og Fjordane fylke i eit lengre avisinnlegg går ut med eit forsvar for EØS-avtalen.  Det er ein avtale som bl.a. pressar fram tap av kontraktar til utanlandske skipsverft.

Dette ordførar-forsvaret for EØS-avtalen, gir også fleire grunnar til ettertanke.  Tidlegare har det også vore klart at EØS-avtalen pressar både krafteksport­-kablar, norsk underlegging til EUs energiunion/ACER og import av høgare kraftprisar enn det er grunnlag for i Noreg.

På mange verkar ordførar-oppropet for EØS mest som eit forsøk å få tilbake veljarar frå SP som historisk sett har snappa mange veljarar frå AP.  Slike politiske dragkampar forstår vi, men AP-ordførarane sitt forsvar for EØS-avtalen og ei ny regjering som lystrar EU like sterkt som den blå regjeringa vi forhåpentlegvis blir kvitt, lovar dårleg.

Norske arbeidsplassar og lokalsamfunn er viktigare enn å tekkast EU.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.