Endringar i avis­distribusjonen for Ytre Sogn

Grunna endringar hos Sogn og Fjordane Distribusjon AS kan nokre av abonnentane til Ytre Sogn oppleve å få papiravisa levert noko seinare i sommar.


Som det vart kjent i april har Amedia valt å legge ned avistrykkeriet sitt i Førde, ei endring som og får konsekvensar for drifta til Sogn og Fjordane Distribusjon. Bodselskapet som leverer fleire lokalaviser i regionen til abonnentar, deriblant Ytre Sogn, er heileigd av Amedia.

– Vi vart for kort tid sidan kjent med at Sogn og Fjordane Distribusjon har valt å legge ned bodbilen som tar med seg aviser frå trykkeriet i Førde til Bergen, noko som vil påverke våre abonnentar som får avisa med Posten etter at den har blitt levert i Bergen. Det gjeld i all hovudsak abonnentar på Høyanger sørside, men og nokre av fjernabonnentane våre som bur utanfor nedslagsfeltet vårt. For desse abonnentane kan det vere at avisa no ikkje vil komme fram før postomberinga etter utgjevingsdatoen.

Det seier dagleg leiar i Tell Media AS som gir ut Ytre Sogn, Stig Hovlandsdal Øvreås. Han er lei for situasjonen som har oppstått, men fortel at det dessverre er lite Tell Media kan gjere med den.

– Når det kjem til trykking og levering av papiravisa er vi prisgitt dei ordningane som finst tilgjengeleg på den lokale marknaden. Vi er svært opptekne av å kunne levere eit så godt produkt som mogleg til våre abonnentar, så vi synst det er beklageleg når denne typen hendingar skjer.

Tilbake til normalen
Signala som har kome frå Sogn og Fjordane Distribusjon er at dei no jobbar med å få på plass nye ordningar som kan få avisdistirbusjonen tilbake til normalen.

– Vi har forståing for at trykkeri- og distribusjonstenestene vi nyttar oss av er inne i ein kaotisk fase, og vi set pris på at dei jobbar aktivt med å redusere konsekvensane av endringssituasjonen dei no er inne i. Beskjeden vi har fått er at forseinkinga i leveransane til dei som får avisa via bergensruta er midlertidig, noko vi set vår lit til at stemmer.

Hovlandsdal Øvreås er likevel tydeleg på at dette er langt frå ein draumesituasjon for Ytre Sogn.

– Det blir stadig vanskelegare å gje ut papiravis da avislesarane fortset å gå over til nettaviser, og situasjonar som dette er nok eit konkret døme på ein konsekvens av endringane bransjen er inne i. Ytre Sogn er ei avis med ei lojal lesargruppe der mange har abonnert på papiravisa i lang tid, og har faste rutinar der lesing av avisa inngår. Vi har forståing for at lesarane våre blir frustrert av endringar som dette, og det er ein frustrasjon vi deler med dei.

For dei som er opptekne av å få siste nytt så raskt som mogleg tilrår Hovlandsdal Øvreås å sjekke ut ytresogn.no.

– Alle våre komplettabonnentar som har papiravisa har og tilgang til plussakene på ytresogn.no, så om ein kontaktar oss og får oppretta eit innlogg der vil ein alltid ha tilgang til dei ferskaste sakene. Vi legg og ut papiravisa som eAvis på ytresogn.no så fort den er klar, så det er mogleg å lese papiravisa på nett der. Men når det er sagt så er sakene våre ofte like gode sjølv om dei er eit par dagar gamle, så vi håpar at dei av abonnentane våre som blir råka av denne endringa og som helst les avisa på papir vil få glede av den når den kjem i postkassen, sjølv om den kan bli noko forseinka i ein overgangsperiode.