Eit levande lokalsamfunn har eit levande bibliotek!


Deichmanske bibliotek i Oslo syner kva eit moderne bibliotek kan vere i dag: Møtestad, kunnskapsarena, fellesrom for innbyggjarane, ein arena for offentleg samtale og debatt, skaparverkstad, spelarena, i tillegg til eit rom for litteratur og lesing. Bergen offentlige bibliotek er eit anna godt døme på eit levande, moderne bibliotek, med eit vell av kulturelle tilbod. Men korleis er stoda i meir grisgrente strøk?

I Lov om folkebibliotek står det mellom anna: “Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet, gjennom aktiv formidling og ved å stille bøker og andre medier gratis til disposisjon for alle som bor i landet. Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt. Det enkelte bibliotek skal i sine tilbud til barn og voksne legge vekt på kvalitet, allsidighet og aktualitet.”

Biblioteka er altså ikkje berre ein stad å låne bøker, men ein fleirbruksarena som skal spegla breidda i befolkninga. I bibliotekrommet skal ein ikkje berre kunne vere med på debattar, ein skal kunne oppleve eit utval aktivitetar: språkkafé, dyrkekurs, slektsgransking, sjakkturnering, barneteater, strikk og lytt, fiksefest, kodeklubb, og spel og gaming. Alt dette er døme på tilbod du finn i norske folkebibliotek. Forfattartreff, lesesirklar og leseaksjonar som til dømes Sommarles er med på å fremje litteratur og leselyst. Og ikkje minst, på biblioteket kan du få hjelp med kvalitetssikra informasjonssøk og kjeldekritikk.

Biblioteket er eitt av få offentlege og ikkje-kommersielle fellesrom att, eit fellesrom der du kan komme som du er – heilt gratis! Biblioteket har ein utjamnande effekt ved å sikra at alle landets innbyggjarar, uavhengig av sosiale og økonomiske føresetnadar, har lik tilgang til kunnskap og kultur. Biblioteket er eit viktig verktøy for å fremje sosial inkludering og folkehelse.

Men dette fellesrommet er under press. Kvar kommune er lovpålagd å ha eit folkebibliotek, men i stadig fleire kommunar i  Vestland fylke ser vi at biblioteka kjem langt ned på prioriteringslista når pengane skal fordelast. Vi ser at stillingar vert redusert eller fell bort når nokon går av med pensjon, eller at ein ikkje tilset folk med bibliotekfagleg kompetanse. Bibliotekarar vert pålagd andre kommunale oppgåver, som igjen gjev mindre tid til samlingsutvikling, formidling og arrangement. Kutt i personell, parallelt med fleire oppgåver og nedlegging av filialar og redusert opningstid rammar ikkje berre dei tilsette ved dei einskilde biblioteka; det rammar lokalsamfunna. Stadige  kutt i tenestene utholar biblioteka sitt samfunnsoppdrag og utgjer i siste instans eit demokratisk problem. 

Norsk Bibliotekforening Vestland oppfordrar politikarar til å ta inn over seg kva potensiale som ligg i biblioteket, og kva positive ringverknadar eit levande bibliotek kan ha for lokalsamfunnet. Å investere i bibliotek er å investere i lokalsamfunnet, og dermed i heile befolkninga. 

Norsk Bibliotekforening Vestland
v/styreleiar Elena Linn Beardy