Bli med å kåre «Årets høyangring» og «Årets hyllestading»

Kven meiner du fortener ein ekstra klapp på skuldra i ditt lokalsamfunn?


I fjor fekk vi inn over 2400 stemmer då vi kåra «Årets høyangring» og «Årets hyllestading». Vi gjentek derfor suksessen også i år, og ber lesarane våre komme med gode kandidatar.

– Vi køyrer eit tilsvarande opplegg som i fjor der vi først let lesarane våre nominere kandidatar, og så vel vi ut fire nominerte frå Høyanger og fire nominerte frå Hyllestad som folk kan stemme på, seier Stig Hovlandsdal Øvreås, redaktør i Ytre Sogn.

Ein kan nominere kandidatar heilt fram til søndag 10. desember. 

– Når vi har fått landa dei nominerte vil vi presentere dei i avisa, og så kan folk stemme fram mot jul. Kven som får tittelen som «Årets høyangring» og «Årets hyllestading» vil bli offentleggjort i romjula.

Fyll ut og send inn skjemaet under, eller gå til nommineringsskjemaet her.