På Medietilsynet sin oversikt over opplagstall for norske aviser i 2024 er det 245 aviser oppført. Ytre Sogn er med eit opplag på 1180 utgåver plassert som nummer 232 av desse 245, så ein kan trygt seie at avisa du no les er blant dei minste i landet.
Det er tøft å vere liten, og vi er også i den unike situasjonen at vi er den minste nynorskavisa i landet, samstundes som vi har dei to største i Firda og Sogn Avis i mektige og ressurssterke Amedia som våre næraste naboar. Dei blir vi samanlikna med dagleg, og vi konkurrerer til dels mot dei i kampen om dei lokale avisabonnentane. Rammevilkåra tatt i betraktning er det umogleg for oss som ei sjølvstendig lita lokalavis utan konserntilknyting å bli like gode som Firda og Sogn Avis på tekniske løysingar og innhaldsproduksjon. Men det betyr sjølvsagt ikkje at vi ikkje har ein ambisjon om å levere eit så godt medieprodukt til våre lesarar, sjåarar og lyttarar som mogleg. Med bakgrunn i den ambisjonen gjer vi derfor no nokre grep.Nye krefter
Vi har hatt bemanningsutfordringar dei siste åra, noko som har gjort det krevjande for oss å levere godt nok redaksjonelt. Samstundes har vi ein stram økonomi – i hovudsak knytt til eit fall i annonseinntektene på om lag 650 000 kroner dei siste to åra – noko som har gjort det vanskeleg å investere i meir redaksjonell kapasitet. Trøbbel med distribusjonen på papir i denne perioden har også ført til tapte inntekter og meirarbeid. Men vi kan ha så mange gode grunnar og unnskyldningar vi berre vil. Det einaste som til sjuande og sist spelar nokon rolle, er om vi leverer eit godt nok produkt til deg som kunde eller ikkje. Eg har som den øvste ansvarlege for alt vi leverer ingen vanskar med å innrømme at vi ikkje har levert som vi skal som lokalavis dei siste åra, både når det kjem til løysingar og innhald. På innhaldssida styrkar vi derfor no denne våren staben med to nye journalistar. Helga Jóna Guðbrandsdóttir er alt i gong i ei lita stilling, medan Ingvild Kvamme kjem til i ei full nyoppretta journaliststilling så fort ho er ferdig utdanna i slutten av mai. Det gler vi oss veldig til! Med Helga og Ingvild med på laget vil vi få eit skikkeleg løft i vår redaksjonelle kapasitet, noko som sjølvsagt vil vise igjen i produksjonen vår.Ny nettløysing
På nyåret 2021 fekk Ytre Sogn si første nettutgåve med betalingsmur og moglegheit for kjøp av abonnement på nett. Grunna føringar frå Amedia den gongen måtte vi velje Lynx som vår nettavisleverandør, da Amedia hadde kjøpt opp dette selskapet. Planen var at Lynx skulle bli utvikla som ein slags «Amedia nettavis light»-versjon, men løysinga har ikkje blitt satsa på, og vi har blitt sittande igjen med ei nettavis som alt frå start ikkje var særleg god, og som heller ikkje har blitt særleg mykje betre på fire år.Ny tipskanal
Vi er som lokalavis alltid på utkikk etter saker å skrive, men det er ikkje alltid så lett å få med seg alt som skjer, eller kjenne til alt som rørar seg, i nedslagsfeltet vårt. Gode tips til saker er derfor noko vi alltid tek imot med stor takk, og no har vi laga til ein eigen tips e-post som vi håpar at folk vil nytte seg av. Om du sender eit tips til [email protected], og vi lagar ei sak på tipset ditt, vil du automatisk bli med i ei trekning ein gong i halvåret på ein middag for to personar hos enten Eides Hotel, Lavik Kro eller Sognefjord Hotel. Du vel sjølv den serveringsstaden som passar deg best.Ein ny vår
Ytre Sogn er kanskje blant dei minste avisene i landet, men vi jobbar hardt for å oppretthalde drifta vår og tilby deg og alle andre i vårt nedslagsfelt eit så godt lokalt medieprodukt som mogleg. Vi håpar du blir med vidare på det som vi sjølv satsar på at skal bli ein ny vår for den ambisiøse lillebroren i pressenorge. Stig Hovlandsdal ØvreåsDagleg leiar i Tell Media og redaktør i Ytre Sogn