Følg draumane dine, seier vi til ungdom som er på veg inn i arbeidslivet. Då må vi også sikre at jobben er trygg og har ordna forhold – uansett kva bransje dei vel.
Å sikre alle tryggleik i arbeidslivet er eit politisk ansvar. Vi kan ikkje lene oss på at marknaden ordnar det av seg sjølv. For marknaden ordnar ikkje opp i slikt. Heller ikkje Høgre tok ansvar for dette når dei sat i regjering. No tar Arbeidarpartiet ei storreingjering. Eitt av våre viktigaste verktøy for å dra samfunnsutviklinga i rett retning, er gjennom å bruke innkjøpsmakta vår. Når vi ser ungdommane våre inn i auga og fortel om alle bransjane som dei kan utdanne seg til, så skal vi vite at ting går skikkeleg for seg i bransjen dei vil satse på. I dag kjøper det offentlege varer og tenester for 650 milliardar kroner kvart einaste år. Spørsmål vi då må stille oss er: Kven er det vi kjøper tenester av? Kor berekraftig og framtidsretta er materiala deira? Og kva arbeidsvilkår har folka som jobba der? Her kan vi bidra til at seriøse aktørar blir løfta framfor dei useriøse aktørane. Derfor lanserer vi Norgesmodellen som eit felles regelverk for alle kommunar og statlege innkjøp. Det er eit viktig steg i kampen mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping. Vi har jobba mykje med å finne den beste praksisen frå 100 kommunar og fylkeskommunar i Noreg som allereie stiller krav ved innkjøp av varer og tenester. Fagrørsla, som er førstelinja i det seriøse arbeidslivet vårt, og NHO har også komme med viktige innspel. Dei første to bransjane vi byrjar med er bygg og reinhald. Det er bransjar som lenge har slite med useriøse aktørar. Dei som blir hardast ramma er den enkelte tilsette, som blir møtt med ein uverdig arbeidskvardag og dårlege arbeidsvilkår. Tre tiltak som fungerer godt blir no lagt inn i innkjøpsreglane sånn at det ikkje blir mogleg å lyse ut anbod utan at dette er presisert i anbodsteksten: 1) Alle bedrifter innanfor bygg og reinhald har påbod om HMS-kort.Av Torbjørn Vereide og Per Vidar Kjølmoen
Stortingsrepresentantar for Arbeiderpartiet