Russen i Høyanger håpar å finne ein stad kor dei kan sette opp eit telt til bruk som ein felles samlingsstad i russetida.

Er det nokon som kan hjelpe russen?

Russetida er rett rundt hjørnet, men russen i Høyanger har ingen stad å opphalde seg. No er dei på leit etter ein plass kor dei kan sette opp eit telt som ein felles samlingsstad.


– Vi er 10 svartruss og 19 raudruss i Høyanger i år, og har veldig lyst til å finne ein plass kor vi kan møtest alle saman på ein gong. Slik det har vore for russen dei seinare åra har ein gjerne måtte samle seg i mindre grupper heime hos folk. Det håpar vi at vi kan unngå, så vi kan få ei fin russetid saman i fellesskap.

Det seier Jenny Østerbø Breidvik og Ine Refsdal Fossen, som er talspersonar for russen i denne samanhengen.

– Det vi spesifikt håpar på å finne er ein stad kor vi kan få sette opp eit telt. Vi har alt vore i kontakt med ein del lokale aktørar som kommunen, Eides Hotell og Statkraft, men har ikkje funne nokon løysing med nokon av dei av ulike årsaker. 

Jenny Østerbø Breidvik (t.v) og Ine Refsdal Fossen, som er talspersonar for russen i saka.

Eksemplarisk oppførsel
Dei to avgangselevane garanterer for at russen skal oppføre seg eksemplarisk om det er nokon som har eit eigna område som dei kan stille til disposisjon i russetida.

– Vi skal sjølvsagt rydde opp etter oss og oppføre oss fint. Vi vil bli veldig glade om det er nokon som kan hjelpe oss her, og vi vil vise oss tilliten verdig. Her i Høyanger er det ikkje snakk om russebussar eller store opplegg. Alt vi treng er plass til eit stort partytelt eller liknande, så er vi fornøgde. Men det er klart at vi vil jo gjerne kunne spele litt musikk og generelt ha litt liv og røre der, så det bør kanskje ikkje ligge midt i eit bustadområde.

Østerbø Breidvik og Refsdal Fossen fortel at dei og har vore i kontakt både med kommunen og lokale natteravnar i samband med ønsket om ein felles samlingsplass.

– Vi tenker at det er fint for oss alle om vi i russen får ein felles plass å samlast framfor at vi «sosar rundt» i mindre grupper. Perioden det her er snakk om er frå 26. april til 17. mai, så det er jo ikkje så mange vekene vi eventuelt vil legge beslag på området. 
Dei to fortel og at det har vore ei litt stusseleg russefeiring i Høyanger heilt sidan koronatida. Det håpar dei no å gjere noko med, slik at den siste tida dei har som skuleelevar i bygda blir ei fin avslutningstid.

– Vi har alle valt Høyanger vidaregåande skule framfor andre vidaregåande skular, og då hadde det vore fint om det ikkje «straffar» seg når det kjem til russetida. Russen i Førde har til dømes eit langt større opplegg og fasilitetar som vi ikkje har. Eit einsleg lite telt å vere i er alt vi ber om, men for å få til det er vi altså avhengig av ein god hjelpar. Om du som les dette har ein stad vi kan vere håpar vi derfor at du tek kontakt med oss!