Rune Andre Nesheim (t.v) og Even Halås Søreide i Sordal Supply har opplevd formidabel vekst dei siste åra. På lageret bak butikken deira i Halbrendsøyra i Førde står det fullt med importvarer frå det nederlandske selskapet Nerta. Desse varene blir kjøpt inn i store volum for så å bli pakka om og sendt ut til forhandlarar over heile landet, og det er denne importverksemda som har gitt skikkeleg vind i segla til selskapet.

Fekk Norge som marknad –⁠ vart gaselle-bedrift

Pilene har peika oppover for Sordal Supply etter at dei fekk nasjonale ambisjonar.


På Halbrendsøyra i Førde ligg det ein butikk som og er heimehøyrande på Søreide i Høyanger. Sordal Supply har utsalsstaden sin i Førde, er som selskap registrert med adresse Søreide, og har heile landet som marknad.

Og dei siste par åra har selskapet opplevd stor vekst, mykje takka vere eit val om å bli importør av reingjeringsprodukta til det belgiske selskapet Nerta.

– Vi fekk moglegheit til å ta over agenturet for Nerta i Norge, noko vi syntest var kjempespanande, så vi nytta høvet til å bli deira importør her i landet. Sidan har vi jobba knallhardt med å bygge opp eit forhandlarnett, og det er det arbeidet som har gitt gode resultat, fortel Rune Andre Nesheim og Even Halås Søreide i Sordal Supply.

Det er fleire krav ein må innfri for å få tittelen som gaselle-bedrift, slik som at ein minst må doble omsetninga over fire år. Det har Sordal Supply klart med god margin. I 2019 hadde selskapet ei omsetning på 3,7 millionar. I 2022 var det talet oppe i 9,7 millionar.

– Produkta til Nerta er av høg kvalitet og til ein rimeleg pris, noko som er ein uslåeleg kombo som har gjort det ganske greit å få med forhandlarar og kundar. Her får dei stort verdi for pengane sine, og det er jo noko folk sjeldan seier nei takk til.

Butikken i Førde er viktig for Sordal Supply, men mobilen er også eit mykje brukt salsverktøy.

Kjøper store kvanta

I butikklokala på Halbrendsøyra er det relativt stille og roleg, men i etasjen over sit selgarteamet til Sordal Supply og er travelt opptekne på telefonen. Så det blir selt varer frå lokala jamt og trutt, sjølv om det ikkje nødvendigvis er fullt hus i sjølve butikklokala.

– Det er proffmarkanden som er våre kundar, og ein god del av det vi sel skjer gjennom direkte kontakt med kundane over telefonen. Vi har og ein del sal gjennom nettbutikken vår. Det at vi har ein såpass brei måte å jobbe på og nå kundane våre på gjer oss mindre sårbare, og skapar fleire moglegheiter. Det hadde til dømes ikkje vore mogleg å berre drive butikken her.

Men sjølv om det er relativt stille i butikken betyr ikkje det at det ikkje er  nokon omsetning i 1. etasje.

– Dei som kjem og handlar skal gjerne ikkje ha ein ting, men handlar for heile selskapet eller større grupper med tilsette. Det er langt frå uvanleg at ein kunde legg igjen femsifra beløp her under ein handletur, og då blir ikkje totalomsetninga  den dagen i butikken så verst likevel, sjølv om det kanskje berre har vore eit par innom.

Det er eit variert og sesongbasert varesortiment Sordal Supply har å by på.

– Vi sel alt frå brøyteskjer til spenespray til kyr, så breidda er stor. Verktøy og maskinutstyr er kanskje det vi sel mest av, i tillegg til reingjeringsprodukta frå Nerta.

Og noko av suksessformelen i den lokale marknaden for Sordal er kundeservicen dei byr på.

– Ein del av produkta våre kan vere like dei ein får andre stadar, men vi er opptekne av å gje det lille ekstra. Om ein kunde har eit behov så stiller vi opp, og leverer produkt til alle døgnets tider. Kundane våre veit at dei kan stole på oss, og at vi løyser dei behova som måtte oppstå, fortel Nesheim.

Og som den dyktige seljaren han er nyttar han sjølvsagt – med glimt i auget – høvet til å promotere butikken når Ytre Sogn er på besøk.

– Vi ønsker alle velkommen til oss og vårt breie vareutval til gode prisar.