I 21 år har Trijnie Cupido og Laurens Brock eigd og drifta Lavik Fjord Hotel & Apartments, men no vil dei gi stafettpinnen vidare. Sjølv vil dei søke nye utfordringar, for dei er langt frå klare til å legge beina på bordet og kvile på laurbæra, sjølv om hotelldriftskapittelet deira no er i ferd med å bli avslutta.