Åtvarar mot telefon­svindel

Vest politidistrikt går ut med ei ny åtvaring til publikum om telefonsvindel.


Dei har motteke fleire meldingar frå folk som har blitt oppringt frå telefonnummeret 55 91 91 00, og som får beskjed om at kontoen deira er hacka og/eller teke opp lån frå.

Dei vert også bedne om passord og liknande, opplyser politidistriktet sjølv på Twitter. 

– Dette er telefonnummeret til Bergen sør politistasjon. Men det er ingen derifrå eller andre av våre telefonnummer som ringer om slikt. Så ikkje svar, eller legg på røret, er beskjeden derifrå. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.