Med over 20 hjortepåkøyrslar er det eit under at det ikkje har vorte alvorlege personskadar etter påkøyring, men fleire av bilane har fått store materielle skadar, fortel ettersøksjeger Rune Arvid Indrebø. (Foto: Rune Arvid Indrebø)
Åtvarar bilistar

Ekstremt mykje hjort langs vegane

Ettersøksjeger Rune Arvid Indrebø åtvarar bilistar om at det er ekstremt mykje hjort langs vegane for tida, spesielt på strekninga mellom Vadheim og Lavik. No oppfordrar han bilistar om å vere ekstra varsame, og om å ta det roleg når dei skal ut og køyre.


På halvannan månad har det vore over 20 hjortepåkøyrslar på strekninga mellom Høyanger og Lavik. Ettersøksjeger Rune Arvid Indrebø, som har ansvaret for denne strekninga, samt resten av Høyanger saman med Vidar Olsen, seier det er ekstremt mykje hjort langs vegane for tida. 

– Dette gjenspeglar seg i innmeldte hjortepåkøyrslar. Det er mellom Lavik og Vadheim dei fleste ulykkene skjer, og gjerne der fartsgrensa er 80 kilometer i timen. Og på dei beine strekningane som er der ligg ofte køyretøy i 90-100 kilometer. Da vert reaksjonstida til sjåføren kraftig redusert, og sjansane for å observere og stoppe i tide for hjort, bortimot uunngåeleg seier Indrebø, og legg til:

– Vi har med jamne mellomrom teljingar av hjort som ein kan sjå nattetid på bøar og liknande, og berre langs vegstrekninga Vadheim – Lavik talde vi 374 stykk på siste teljing. Og det er berre dei vi kan sjå, så hjortebestanden er mykje større enn det, seier Indrebø.

– Er det nokon grunn til at det er så mykje hjort langs vegane no?

– Ja. Det er på denne tida av året at hjortekollene er gravide, og da treng dei mykje mat. Dei trekker derfor ned frå fjellet og til bøar langs fjorden der dei kan finne seg nok mat. 10 av dei 20 påkøyrde hjortane den siste halvannan månaden har vore koller, så potensielt er det 10 kalvar som skulle vore født til sommaren som og er påkøyrde, seier Indrebø.

– Når det er så mykje hjort langs vegane, er det ikkje da mogleg å gjere nokon tiltak for å informere bilistar om faren for hjort i vegbana? 

– Det har det siste året vore plassert ut to ekstra varselskilt med lys i som varslar om fare for hjort i vegbana i Avenbukta, men det har ikkje vore til hjelp. Ein bussjåfør eg snakka med fortalde om bilistar som hadde sagt til han at dei trudde skilta skulle lyse opp om det var fare for hjort i vegbana. Men det er ikkje sånn dei fungerer. Lysa slår seg på når det blir mørkt, nett som lyktestolpar. Det er ikkje slik at det er sensorar i vegen som kan varsle om at det er hjort i vegbana, seier Indrebø.

– Når på året er det størst fare for å møte på hjort langs vegane?

– Det er størst fare for å møte hjort på våren når kollene er gravide, og på slutten av hausten før vinteren set inn. Og det er vanlegvis størst hjortefare i timane når sola går ned og når sola går opp, fortel Indrebø.

– Er det meir hjort langs vegane mellom Lavik og Vadheim enn andre stader i Høyanger sidan det er så mange hjortepåkøyrslar der?

– Det har nok mest med det at det er ei lang strekke med fartsgrense på 80 kilometer i timen og beine vegar der, og bilar køyrer gjerne i 90-100 kilometer i timen. Med over v20 påkøyrslar er det eit under at det ikkje har vorte alvorlege personskadar etter påkøyring, men fleire av bilane har fått store materielle skadar, fortel Indrebø. 

Årleg blir omkring 6000 hjort påkøyrd i Norge. Ifølge nettstaden Hjortevilt viser tal frå Transportøkonomisk institutt at ein minkar risikoen for ulykker med 50 prosent om ein senker farta frå 80 til 70 kilometer i timen.

– Kva skal folk gjere dersom dei køyrer på ein hjort?

– Køyrer du på hjort pliktar du å melde frå til politiet på 02800, og dessutan skal du merke staden for påkøyrselen. Dette er for å hjelpe ettersøkjegerane med å finne det påkøyrde dyret dersom det spring vekk frå staden, avsluttar Indrebø.