Klubbleiar åtvarar mot å kutte for mykje


- Vi må ikkje kutte ned så kraftig no at ikkje kjem oss opp igjen når marknaden snur, seier 
klubbleiar Jan Olav Gjere ved Havyard sitt verft i Leirvik.

- Vi må ikkje kutte ned så kraftig no at ikkje kjem oss opp igjen når marknaden snur, seier 
klubbleiar Jan Olav Gjere ved Havyard sitt verft i Leirvik.

Han er leiar for rundt 40 medlemmer i Forbundet for Ledelse og Teknikk (FLT), som i lag med Fellesforbundet er største fagforereiningane ved verftet i Leirvik. Gjerde hadde difor visst nokre dagar kva som ville bli lagt fram på allmøtet for dei tilsette torsdag.

- Likevel føltest som å få ein knyttneve i magen då beskjeden kom. Det er brutalt å få vite at så mange som 100 av 160 fast tilsette må gå, og det er mange som brukar helga på å ta det innover seg. 



Sjølv har han jobba ved verftet i Leirvik sidan midten av 1970-talet, og har såleis vore med på opp- og nedturar.


- Men eg har vel aldri vore med på liknande, i alle høve ikkje når det gjeld kor mange det er sagt må gå, seier Gjerde.

Køyre to løp


Verftsnæringa slit veldig for tida, og koronapandemien har gjort ein allereie tung situasjon endå tyngre. 



- Men etter så mange år veit eg at det er både opp- og nedturer i denne næringa, og akkurat no er vi nede. Difor har eg også tru på at det vil snu. Og då må vi ikkje kutte så kraftig i stillingar no at vi ikkje kjem oss opp igjen når det skjer, seier han.



- Som fagforeining må vi her køyre to løp; Det eine er å sjå til at omstillingsprosessen innad går ryddig og greitt føre seg. Det andre er å syte for arbeid slik at færrest mogleg må gå.



Samtidig må ein også sjå på moglegheiter utanfor verftet. 



- Blir det slik at ein til sommaren må sende folk med høg og variert kompetanse ut døra, må vi gjere oss nytte av dei her, anten det er i allereie etablerte bedrifter, eller i nye. Som lokalsamfunn har vi ikkje råd til å miste dei, seier han og fortel at ordførar allereie er kontakt, og at saman vil dei no sjå på ulike moglegheiter.





Stikk til Raja

Men dei treng også litt hjelp frå regjeringa, påpeikar han. 



- Det er ikkje slik at vi berre snakkar om ein fallande marknad. Vi har pandemien i tillegg, der vi har brukt eg veit ikkje kor mykje pengar på testing, smittevern og karantene, seier klubbleiaren og kan ikkje la vere å kome med eit aldri så lite stikk til statsråd Abid Radja, som nyleg løyvde 13 millionar kroner til Kurt Nilsen og juletiurnéen hans.



- Vi har eit hundre personar stort blandakor i Hyllestad som gjerne held konsertar fram mot jul, mot litt støtte, Det bør vere eit rimeleg greitt reknestykke for Raja. Det er berre å gange summen han nyleg gav til Nilsen med hundre, seier han.