Vindkraft på Snøheia –⁠ Er kunnskap farleg?


Storinget vedtok i juni 2023 Prop. 111 L Endringar i energilov og plan og bygningslov for vindkraft på land.  

Denne lovendringa sikrar viktige prinsipp knytt til berekraftig utvikling, rett til medverknad, sektorsamordning, rettstryggleik, relevant kunnskapsgrunnlag, og folkevald styring.

Myndigheitene møter no utfordringane i norsk vindkraftforvaltning ved at arealavklaring for vindkraftanlegg skal skje gjennom kommunale arealplanvedtak etter PBL.

Dette er ei viktig sak for innbyggarane i Høyanger og Sunnfjord.

DIFOR - Før vi politikarar kan fatte avgjerd i saka, må vi skaffe oss nødvendig viten i alle forhold rundt nedbygging av natur, dyr- og fugleliv, problematikk med is-kast frå turbinane, støy og lys frå anlegget, samt høgde på turbinane, og plasseringa terrenget, både for vegar og turbinar. I tillegg må vi få tilført kunnskap om ei evt. påverknad på drikkevatnet vårt. 

At Plan- og Bygningslova saman med Energilova skal vere styrande, gjev oss lokalpolitikarar meir makt i denne prosessen. Det må vi nytte i lag til det beste for lokaldemokratiet.

Å hoppe bukk over ei konsekvensutgreiing berre fordi det no handlar om vindkraft, vil vere eit forvaltningsmessig sjølvskot frå ein kvar kommune og lokalpolitikar!!

Det er no avklart at ingen kommune gjev frå seg makt og mynde seinare i prosessen om dei opnar opp for ei konsekvensutgreiing!  Heilt fram til det tidspunktet konsesjon blir gitt kan kommunane seie nei til prosjektet. 

Kommunane har fått meir makt i vindkraftsaker no.  

Med bakgrunn i dette, vil eg signalisere at Høyanger AP vil vere positive til ein eventuell førespurnad om å gi samtykke til ei konsekvensutgreiing! 

Skulle konklusjonen frå KU vere at det ikkje bør byggast vindkraft i området, vil vi IKKJE opne for utbygging.  

Skulle konklusjonen vere motsett, vil Høyanger AP starte ein demokratisk prosess i eige parti, der vi veg ulemper opp mot fordeler. Først då kan vi svare på om vi vil opne for at det vert starta eit arbeid med å avsette areal til vindkraft i kommunen.

Petter Sortland
Ordførar frå AP i Høyanger kommune