Einingsleiar kultur og mangfald i Høyanger kommune, Jeanette Wølke Friis Walsvik, på den raude løparen under premiera på «Bridget Jones: Mad About the Boy» i Høyanger fredag. Walsvik ønsker å gjere den kommunale kinoen til ein enda meir relevant sosial møteplass.

Vil revitalisere kinoen i Høyanger

Fredag var det raud løpar og alkoholfrie bobler i glasa under premiera på «Bridget Jones: Mad About the Boy» på Høyanger kino. Og det er berre ein forsmak på kva som kan komme.


Høyanger kommunale kino har eksistert sidan 1987 da kommunen tok over kinodrifta frå Folkets Hus Kino. Det har vore kino i Høyanger sidan 1917, og kulturinstitusjonen med den lange historia har overlevd både teknologiske omveltingar og nedgong i folketalet.

Men kinobesøket har gått ned dei siste åra, både for kinoen i Høyanger, og generelt. På landsbasis blir det no løyst 25 prosent færre kinobillettar enn det vart før koronapandemien. 

Strøymetenestene sine inntog har gjort kinoane mindre relevante, men film er framleis best på kino, og det er og ein ting strøymetenestene ikkje kan erstatte, nemleg den sosiale opplevinga av å sjå ein film saman med mange andre. 

– Funksjonen til kinoen er kanskje litt annleis i dag enn den har vore tidlegare, og da må vi som driv kinoar også henge med på i utviklinga og lage eit tilbod som kinogjengarane ønsker og har utbytte av.

Det seier einingsleiar for kultur og mangfald i Høyanger kommune, Jeanette Wølke Friis Walsvik. Ho har ansvaret for Høyanger kommunale kino, og har lyst til å gi kinoen ein oppsving. Hennar teori er at kinoen kan bli ein enda meir relevant sosial møteplass for folk i alle aldrar.

– Det gjer noko med oss når vi samlast og opplever noko saman. Vi jobbar derfor no med å lage til ei brukarundersøking der vi vil spørre innbyggjarane i Høyanger om kva ønsker dei har for kinoen sin, slik at vi kan tilpasse vår tilbod på ein måte som passar kinogjengarane best.

Film – og hjarteforma donuts spandert av kommunen – er best på kino.

Glamorøs premiere

Og apropos møteplass. Walsvik og medhjelparane hennar nytta fredag premiera på «Bridget Jones: Mad About the Boy» til å nettopp lage ein sosial møteplass.

Med ein flott dekorert festsal utanfor storsalen der kinoen held til vart den rette premierestemninga sett, og dei som ville på kino denne kvelden fekk ein ekstra god grunn til å gå utover sjølve filmen. Det hadde tydelegvis ein effekt, for publikum – hovudsakleg kvinner – strøyma til, og både latteren og praten sat laust hos dei som hadde entra festsalen på den raude løparen.

– Vi har det ikkje meir moro enn det vi lagar sjølv, og det skal ikkje alltid så mykje til for å gi til dømes ei filmframvisning ei artig ramme som gir opplevinga noko litt ekstra. Dei fleste filmframsyningane må sjølvsagt vere ordinære framsyningar, men slik som i dag når vi har premiere på ein film som mange har venta på, er det kjekt å gjere noko meir ut av den.

I Høyanger vil det framover vere ordinære kinoframsyningar søndagar og tysdagar, og programmet vil som det alltid har vore vere ein god miks mellom barnefilmar og filmar meint for ungdomar og vaksne. 

– Den kommunale kinoen vår er liten, og det er med den som med andre tilbod at ein må bruke den om ein vil ha den, er meldinga frå Walsvik.

Det vart mykje myldring og god stemning på den raude løparen.

Bruke det vi har

Hausten 2021 opna Høyanger samfunnshus igjen etter ei omfattande rehabilitering. Da var også midtgangen i storsalen der kinoframsyningane er fjerna, og nye stolar hadde blitt sett inn. Ikkje alle har vore like nøgde med dei nye løysingane, men Walsvik meiner det er på tide å ikkje dvele meir ved dei løysingane som vart valde den gongen.

– Nokre synest at dei gamle stolane var betre, medan andre likar dei nye best. Uansett kva ein måtte meine om desse tinga så er no fasilitetane ein gong slik dei er, og vårt fokus ligg på å gjere det beste ut av det vi har tilgjengeleg. Vi håpar innbyggjarane i Høyanger er einige i ei slik tilnærming.