Her står 80 musikarar på scena under Fagforeningens Musikklag sin jubileumskonsert i Høyangerhallen laurdag. Jubilanten sjølv leverte ei storslått og påkosta førestilling som gjenspegla både musikalsk breidde og kvalitet, samt Fagforeningens Musikklag si rolle som formidlar og bærar av kultur.

Verdig og humørfylt feiring

Fagforeningens Musikklag kunne ikkje fått ei flottare markering av 100-årsjubileumet sitt.


Ein stad mellom 500 og 600 publikummarar hadde funne vegen til Høyangerhallen laurdag der Fagforeningens Musikklag arrangerte jubileumskonsert.  Repertoaret var særs breitt og rikhaldig, med godbitar henta frå janitsjarkorpset si konserthistorie. 

Med seg på scena hadde også korpset tidvis band, barnekor, og Høyanger skulemusikk. Og det var ingen tvil om at både dei på og utanfor scena sette pris på den velproduserte konserten, for spelegleda lyste frå scena, og publikum både hoia og klappa det dei var gode for mellom innslaga.

– Vi er det einaste gjenverande fagforeiningskorpset i Norge, og er stolte av dei som har gått før oss. Samstundes er det viktig for oss å samarbeide med unge spirer, sa korpsleiar Gry Sissel Sagen i sin opningstale.

Gry Sissel Sagen er leiar i Fagforeningens Musikklag, og under jubileumskonserten måtte ho og ta rolla som dirigent då korpset sin faste dirigent Jason Burn ikkje kunne stille i rolla grunna helseutfordringar.

Brei og folkeleg kultur
Jubileumskonserten til Fagforeningens Musikklag inneheldt alt. Det var show, glitter og glam, men og rolegare tonar  som lokka fram gåsehuden. Det var velfortent heider til veteranar, og unge talent som skein på scena, og som vart motiv på mang ein stolt forelder sin mobiltelefon. Konsertkvelden var brei og folkeleg kultur i eit nøtteskal, noko som og var stikkord i både ordførar Petter Sortland og fylkesvaraordførar Stian Davies sine talar.

– Lag og organisasjonar er grunnpilarar i kulturlivet vårt, og det er umogleg å måle den kulturelle og sosiale verdien aktiviteten som til dømes Fagforeningens Musikklag genererer.  I ein heseblesande kvardag representerer dei sju korpsa vi har i kommunen, og andre lag og organisasjonar, noko kjent, trygt og inkluderande. Det har blitt sagt at ein på ei øving i Fagforeningens Musikklag kan finne både rulatorar og barnevogner, noko som seier ein heil del, sa ein stolt ordførar frå scena.

Ein av dei mest rørande augneblinkane under konserten var då alle musikantane i Høyanger skulemusikk kom med ei rose kvar til Gry Sissel Sagen som takk for at Fagforeningens Musikklag inkluderer og tek godt vare på skulemusikken.

På programmet stod alt frå Blues Brothers til ABBA, i tillegg til meir tradisjonell korpsmusikk. Med på scena var vokalistane Lilly Bratland, Anne Lene Hansen, Arild Raasholm, Unni Iversen og Tor Aleksander Dale – som det er bilde av her – under framføringa av «Rawhide».

Mange gåver
Konferansier Geir Helge Østerbø losa dei frammøtte vel gjennom konsertkvelden med sjarm og humør, og han slapp og fleire gjestar til på scena. Dei fleste av dei hadde med seg ein sjekk. Høyanger kommune gav 10 000 kroner – på Robek-dispensasjon frå fylkesmannen vitsa ordførar Sortland – medan fylkeskommunen gav 25 000 kroner.

Høyanger sanitetsforening, som har vore ein god støttespelar for musikklaget i alle år, gav 10 000 kroner, Norges Musikkorps Forbund (NMF) og Yamaha gav 5000 kroner, medan Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gav heile 100 000 kroner.

”Koneklubben” – som selde alle lodda som korpsmusikantane lova å selje, men aldri vart kvitt – var også på scena representert ved Berit Oma, og dei gav eit trappetrinn i den planlagde K2-trappa. 

På festmiddagen seinare på kvelden vart det også gitt gåver. Nabokorpsa på Kyrkjebø og i Vadheim og Lavik gav pengar til ”kaffikos”, medan Hydro – som og var med å dekke kostadar til konsertproduksjonen –  gav 50 000 kroner. Lars Ketil Skeie i LO i Ytre Sogn og Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening – som er formell eigar av Fagforeningens Musikklag – gav høvesvis 10 000 kroner frå LO, og 100 000 frå ”kjemiske”. Han hinta også om at det kunne komme meir frå sentralt hald.

Det vart gitt mange gåver til Fagforeningens Musikklag under konserten, og dei fleste tok form av ein sjekk med mange nullar på. Den mest utradisjonelle gåva kom frå ”koneklubben” representert ved Berit Oma som gav korpset trappetrinn nr. 1923 i den planlagde K2-trappa. Ho foreslo at musikantane kunne ta ein tur opp til trinnet sitt som oppvarming til øvingane i framtida.

Olav Lundgren fekk låne dirigentstokken under framføringa av «Valdresmarsj». Lundgren vart også tildelt Fagforeningens Musikklag sitt heidersteikn under konserten for innsatsen han har gjort som dirigent, instruktør og generell støttespelar for korpset gjennom ei årrekke.

Heider og ære
Ein jubileumskonsert er eit gyllent høve til å dele ut heider og ære til sine eigne. Erling Sagen, Johnny Litsheim, Bjørn Olsen, Kjell Oma, Kirsti Oma, Gunn Marie Haugen og Anne Merete Førde fekk alle årsmerker, medan Jason Burn fekk NMF sitt heidersteikn for dirigentar. Han har dirigert seks av dei sju korpsa som er i kommunen, og har hatt opp til åtte korps på ein gong. Olav Lundgren – som deltok både som musikant og dirigent under konserten – fekk  Fagforeningens Musiklag sitt eige heidersteikn for alt han har gjort for korpset gjennom mange tiår. 

Etter ein slik festkveld kan ein ikkje sei anna enn vel blåst, og takke for ein fantastisk konsert som var tufta utelukkande på lokale krefter.

Heidersmennene Erling Sagen (f.v), Johnny Litsheim og Bjørn Olsen fekk diplom og medalje for høvesvis 70 år (eigentleg 72), 70 år (eigentleg 73), og 75 år (eigentleg 76). Olsen har vore med i Fagforeningens Musikklag så lenge at det ikkje finst utmerkingar som gjenspeglar innsatsen han har lagt ned, så han fekk også ein 70-årsmedalje, men eit spesialtilpassa diplom for 75 år som korpsmusikant.

Kjell Oma, Kirsti Oma, Gunn Marie Haugen og Anne Merete Førde vart også tildelt årsmedaljar. Dei for høvesvis 40 år, 40 år, 20 år og 30 år.

Bildeserie