I fjor var det rett i underkant av 50 personar som møtte til ei felles julefeiring på Høyanger vidaregåande skule. Tilbakemeldingane på den samlinga var overveldande positive, noko som gjorde det enkelt for initiativtakarane Rønnaug Meek og Kjell-Arve Kvamme å bestemme at det blir ei felles julefeiring i Høyanger også i år.
– Vi kjører på igjen med ei ny fellesfeiring. Både dei som deltok og dei som var med på å stelle i stand feiringa i fjor har fortalt oss at det vart ei svært triveleg og meiningsfull samling, så for oss gir det god meining å legge til rette for ei tilsvarande feiring også i år.
Såpass stor suksess vart det at dei som deltok på feiringa i fjor har gått automatisk ut frå at det blir reprise i år.
– Behovet er der. Folk spør oss ikkje om det blir julefeiring, men kor dei kan melde seg på. Og når vi har spurt frivillige som var med i fjor om dei ønsker å vere med i år også har vi berre fått ja tilbake. Dei jaa har og komme på direkten med stor overbevisning, så det er ikkje vanskeleg å få med frivillige i det heile tatt. Det er heilt suverent.
Og for dei som måtte lure så er det via Friskus Høyanger ein kan melde seg på julefeiringa, og det må skje innan 1. desember slik at arrangørane får nok tid til å ordne med tilstrekkelege mengdar med mat og andre praktiske avklaringar.
Eigen organisasjon
I fjor vart julefeiringa arrangert via Høyanger Frivilligsentral der Meek er dagleg leiar, men i år blir feiringa organisert gjennom den frivillige organisasjonen Jul for Deg, som vart stifta i april.
– Det har heile tida vore planen å opprette ein eigen organisasjon for denne feiringa, både fordi det er ryddigare og fordi det er lettare å søke etter midlar på denne måten.
Det har Jul for Deg alt gjort, og responsen har vore god.
– Terje Ljotebø sendte som tilsett i Hydro inn ein søknad på 25 000 kroner til eit internt program i konsernet, og juryen valde ut denne søknaden som den einaste frå Høyanger som fekk støtte. Det er vi veldig takknemlege for. Vi har og fått 10 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som kjem veldig godt med.
Som ein nystarta organisasjon er det greit å ha litt å rutte med, slik at ein kan gjere nødvendige innkjøp.
– Vi har investert i litt serveringsutstyr, og så har sjølvsagt sjølve feiringa ein prislapp, så alle bidrag vil gå rett inn i årets og framtidige julefeiringar. Målsettinga vår er at dette skal bli ein fast tradisjon i Høyanger, og vi jobbar ut frå den tankegangen. Så lenge folk melder seg på, så skal vi arrangere julefeiring.
Jul for Deg har også eit tett og godt samarbeid med Høyanger kommune og Vestland fylkeskommune.
– Vi kan ikkje få fullrost dei tilsette og elevane på vidaregåande nok for innsatsen dei la ned i å pynte lokala til oss i fjor. Vi kom til duk og dekka bord, og fekk bakoversveis over kor fint dei hadde laga det til for oss. Det gav feiringa ei ekstra hyggeleg ramme.
Norsk feiring
Feiringa i regi av Jul for Deg blir i år som i fjor livssynsnøytral og basert på norske juletradisjonar.
– Vi køyrer «copy paste» frå fjorårets opplegg sidan det fungerte såpass bra. Mange av dei som deltok på feiringa i fjor og som truleg blir med i år har utanlandsk opphav, men vi serverer norsk julemat og har norske juleleikar og syng norske julesongar rundt treet. For dei som er norske vart dette i fjor ei julefeiring «etter boka», medan dei som ikkje har opplevd ei slik feiring før synest at den var spanande og litt eksotisk. Særleg den norske julematen var det mange som var fascinerte av.
Med knappe 40 nye flyktningar i Høyanger kommune så langt i år er behovet for slike felles høgtidsmarkeringar ikkje akkurat mindre enn før, men Meek og Kvamme understrekar at feiringa er open for absolutt alle.
– Vi ønsker å gjere vårt for å hindre utanforskap, og veit at ei slik felles feiring kan bidra til akkurat det på ein såpass spesiell dag som det julaftan er.