Ei verdig demensomsorg i Høyanger kommune


Om lag 101 000 personar i Noreg lever med demensdiagnose i dag. Dette talet er forventa å bli dobla innan år 2050 og firdobla innan 2100 (i følgje Folkehelseinstituttet). Det betyr at vi må sette inn tiltak i kommunehelsetenesta som gjer at pasientgruppa kan få betre livskvalitet, og bu lenger heime. Dagaktivitetstilbod til personar med demens har vore ei lovpålagt kommunaloppgåve sidan 2020, men dette tilbodet har ikkje Høyanger kommune. 

Kva er demens? Demens er ein fellesnemning for hjernesjukdom som gir kognitiv svikt og andre funksjonstap som påverkar dei daglegdagse gjeremåla. Demens kjem i ulike grader, men ingen av demensdiagnosane kan kurerast. 

Det betyr ikkje at desse menneska ikkje kan ha gode dagar. Det er mange førebyggande tiltak som gi desse menneska meiningsfulle kvardagar. Blant anna er fysisk aktivitet og sosialisering to viktige faktorar. Men då er det viktig med eit godt kommunalt tilbod og dette er også lovpålagt:

«Ifølge helse- og omsorgstjenesteloven paragraf 3-2 skal kommunen tilby dagaktivitetstilbud til hjemmeboende personer med demens. Dagaktivitetstilbudet bør inneholde både sosiale, kognitive og fysiske stimulerende aktiviteter. Stortinget har fastsatt en plikt for kommunene til å tilby dagaktivitetstilbud til hjemmeboende personer med demens, gjeldende fra 1. januar 2020. Dagaktivitetstilbudet som tilbys skal bidra til å ivareta deltakerens funksjoner i dagliglivet, fremme livskvalitet og forebygge/redusere isolasjon og ensomhetsfølelse. I tillegg vil dagaktivitetstilbudet kunne innebære avlastning og støtte til pårørende.» (henta frå Helsedirektoratet) 

Dette tilbodet har vi ikkje i Høyanger kommune i dag. Det betyr at brukarane og pårørande ikkje får den tenesta dei har krav på. I over fire år har Høyanger kommune vore på kant med lova, det betyr at nokre har gått over 1500 dagar utan dagtilbod. Dette er ikkje godt nok, og er noko vi må gjere noko med no. 

Det står også på Statsforvalteren i Vestland sine sider at «Vi kjenner ikkje til om Høyanger kommune har dagaktivitetstilbod tilrettelagt for personar med demenssjukdom (kommunen har ikkje svara på undersøkinga frå helsedirektoratet om tilbodet til personar med demens). Kommunen gjennomfører ikkje systematiske førebyggjande heimebesøk blant eldre i 2022 viser rapporten Kommunalt psykisk helse og rusarbeid.»

Men kvifor har vi ikkje dette tilbodet i Høyanger kommune? Regjeringa laga demensplan i 2015 som heiter «Den gode dagen» og der står det; «De fleste undersøkelser tyder på at det er på det sosiale og kulturelle området dagens kommunale omsorgstjeneste kommer til kort. (…) Nasjonale og internasjonale undersøkelser viser at spesielt tilrettelagte dagaktivitetstilbud kan være kostnadseffektive og gi hensiktsmessig avlastning for familien.» Saman med denne rapporten kom det øyremerka tilskotsordningar til etablering av dagtilbod til personar med demens.

Dagaktivitetstilbodet blei vidareført til Regjeringa sin demensplan 2020 «Eit meir demensvennleg samfunn». I denne planen har dagaktivitetstilbodet til personar med demens blitt lovpålagt. Etter dette blei det satt av 416 millionar kroner som kommunane må søke om tilskot og rapportere på bruk av tilskot i tråd med ordinært regelverk. 

Og no har Regjeringa sin demensplan 2025 komme der det står: «Demens rammer både yngre og eldre, og det rammer mange. Det anslås at minst 100.000 nordmenn har en demenssykdom i dag, og det er ventet at tallet vil øke kraftig de neste årene. Vi må ha et godt og forutsigbart tilbud når sykdommen rammer. Både for den syke og de som er rundt.» Demensplanen viser at 88% av kommunane i Norge har dagaktivitetstilbod til personar med demens, men ikkje Høyanger.

Planar og forsking knytt til aktivitetstilbod til personar med demens har vore aktuelt sidan 2015, i snart 10 år. Det har vore lovpålagt i snart 5 år. Det har vore øyremerka midlar som kommunane kan søke på i snart 10år og Høyanger kommune har framleis ikkje dette tilbodet. Det er kritikkverdig. 

På kommunestyremøtet 21.06.24 tok eg som Raudt-representant opp dette, og kor kritikkverdig det er at Høyanger kommune ikkje har eit slikt tilbod. Vi ville sette av 500 000kr i håp om fortgang i prosessen. Til dette svara kommunedirektør Ørjan Haram at prosessen er i gang men at han ikkje kunne love når oppstart av tilbodet blir. Dette er ikkje godt nok. Høyanger kommune utsette saka i 2015, Høyanger kommune har vore på kant med lova sidan 2020, kva tid kan vi forvente at dette blir oppretta? 

Dette tilbodet skal hjelpe dei vi er mest glad i mamma, pappa, bestefar, bestemor, tante, onkel, naboen, vennen. Det skal bidra til at dei med demenssjukdom skal få gode og meiningsfylte dagar, og at pårørande skal få avlastning og støtte.

Vi i Raudt Høyanger vil ikkje gi oss på dette før det er etablert eit godt dagaktivitetstilbod til personar med demens!

Hedda Andrine Skår Indrebø
Kommunestyrerepresentant 
Raudt Høyanger