Varslar jord- og skredfare for delar av Vestlandet

NVE varslar gult nivå for jord- og skredfare for delar av Vestlandet i dag og onsdag.

– Det er venta nokre skredhendingar. Enkelte store hendingar kan førekome. Utsette bane- og vegstrekningar kan bli stengde, skriv NVE i varselet, og viser til at det har kome ein del snø i helga, og i løpet av dagen og morgendagen er det venta mykje nedbør og stigande temperaturar. 

Lokalt i Sogn og Fjordane er det venta opp mot 50-77 mm i løpet av 24 timar.

Nedbør i fjellet vil føre til snøsmelting og auka vasstilførsel. Samtidig er grunnvasstanden og vassmetningsgraden i bakken allereie høg.

– Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsette, skriv NVE og rår til å halde stikkrenner, kummar og andre vassvegar frie for snø, is, grus, søppel, kvist og lauv.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.