Fotballskulen til IL Høyang fekk storfint besøk frå Sogndal Fotball


Nær 80 unge fotballspelarar var påmeldt årets fotballskule i regi av IL Høyang som starta måndag på Sletta under kyndig leiing av Audun Rørvik, Ketil Karlsen, Marius Lillehauge og fleire unge instruktørar frå moderklubben. Onsdag kom og sjølvaste Tore Andre Flo og delar av Sogndal Fotball på besøk.