Vardebrenning på Høyangerfjellet


Rundt 35 personar var med på vardebrenninga på Høyangerfjellet tysdag kveld.

Det var ein av rundt 100 stader i landet der folk klokka 18 tysdag kveld tende vardar for å vise motstanden sin mot vindkraftutbygging.

- Frå gamalt av har vardebrenning vore ein måte å varsle fare på. Dette er ei symbolhandling frå vår side om det same, men no gjeld det urørt natur. Område som vi nyttar til friluftsliv, til rekreasjon, seier Einar Rysjedal, ein av initiativtakarane til vardebrenninga på Høyangerfjellet.

Den fann stad på Grimsoshøgda, og han fortel at val av stad ikkje var tilfeldig.

- Vi ville at varden også skulle bli sett nede frå Høyanger. Difor valde vi å ha vardebrenninga her, seier han og fortel om god stemning blant dei som vart med på turen opp.

- Vi er rundt 35 personar, som er veldig bra, seier Rysjedal.

Varden med Høyanger rett under.