Påskerenn i vestlandsvêr

Påskeafta var det duka for påskerenn for ungane i barnetrekkområdet på Siplo i Høyangerfjellet.


Sola, som hadde vore framme mykje av påska, glimra med sitt fråver denne dagen. Det gjorde nok deltakinga noko lågare enn tidlegare år, men alt i alt var det mildt og greit vestlandsvêr, som i resten av årets påske. 

Det vart laga løype med ei sløyfe inne i skogen for dei litt mindre og ei meir utfordrande løype med både stigning og utforkøyring for dei meir vidarekomne. 
Med god musikk i bakken og ein speaker som heia alle i mål, vart det ei fin oppleving for store og små. 

Deltakarliste:
Frida Rønnestad
Henrik Rønnestad
Nea Lambrechts
Eirik Timberlid Norevik
Sigurd Norevik Timberlid
Dina Pernille Vedvik
David Sperle
Emilian Sperle
Selma Eriksen Vefring
Jenny Fjæren Lund
Julie Fjæren Lund
Olander Alrek
Oskar Alrek
Evelina Trollebø
Siver Aarsand
Solan Aarsand
Eirik Knudsen
Isak Knudsen
Leah Knudsen
Emrik Kauppi Holen