Fleire naudetatar og andre aktørar var tilstades på Tryggleiks-vekearrangementet i Lavik laurdag. Dei gjorde ifølge Frode Akse, som var med på å arrangere dagen, ein særs god jobb i det stusselege vêret. (Begge foto: Privat)

Våt men vellukka tryggleiks­dag i Lavik


Lavik har lang tradisjon for å arrangere ein tryggleiksdag under Tryggleiksveka. I år vart ikkje noko unntak, og det trass i at vêrgudane ikkje spelte heilt på lag.

– Kort oppsummert så vart dagen veldig, veldig våt, noko som var litt kjedeleg sidan det var fint vêr både på fredag og søndag. 

Det seier leiar for brannvernet i Lavik, og ein av arrangørane bak dagen, Frode Akse.

– Det dårlege vêret hadde naturleg nok ein innverknad på kor mange som kom innom oss som hadde rigga opp med ulike standar, men nokre trassa vêret og tok turen, så all honnør til dei.

Fleire på stand
Det var fleire aktørar som hadde rigga seg opp med stand utanfor Lavik Torg. NAF var på plass, og det same var Lavik Helselag, Bergkrystallen 4H og Røde Kors. Brannvesenet og ambulansen var også til stades.

– Dei ulike aktørane hadde ulike aktivitetar på sine stands, og eg vil gje skryt til dei som var med for opplegg og innsats. Det vart god stemning og ingen sure miner på stand, sjølv om vi sjølvsagt skulle sett at vêret var betre. 

Denne gjengen stiller alltid opp når dei blir spurt. Lavik skulemusikk og Fjordbrass underheldt i regnværet med sin flotte korpsmusikk utanfor inngangspartiet til Lavik Torg.

Digital quiz
Sjølv stilte Akse på stand med brannkorpset i bygda, og dei viste fram både brannbil og utstyr, noko som alltid er populært.

– Vi hadde og ein spørsmålsrunde som folk kunne prøve ut der dei brukte sin eigen telefon til å sende inn svara. Denne quizen var i samarbeid med brannvesenet i Høyanger og fungerte veldig bra. Vi meiner at det er både kjekt og nyttig med ein dag som dette der tryggleik er i fokus, og lar ikkje ein dag med dårleg vêr stoppe engasjementet vårt på det området. Vi har arrangert tryggleiksdag før, og kjem til å gjere det igjen.