Fellestreningane som har blitt starta opp torsdagar i Lavik denne hausten har på kort tid blitt svært populære, og sist torsdag møtte heile 42 i alderen 30 til over 80 opp. Dei fleste var nok over pensjonsalderen, og det er det ein god grunn for.
– Vi blir i Lavik som mange andre stadar stadig fleire eldre, og det er begrensa med omsorgsbustadar i bygda. Om ein ikkje kan bu heime lengre her må ein derfor gjerne til Kyrkjebø eller Høyanger, og det er såpass langt vekke at ein fort mistar kontakten med eige nærmiljø. Mange her ønsker derfor å bu heime så lenge som mogleg, og da er det å kunne halde seg i god fysisk form veldig viktig. Og så er det dei som rett og slett berre ønskar å trene, utan nokon spesiell grunn utover at det fint å halde seg i form. Det seier initiativtakar til det nyoppstarta trimtilbodet, Møyfrid Ringereide. Det er fleire år sidan ho første gong tok kontakt med Høyanger kommune i håp om å få hjelp til å få i gong eit organisert treningstilbod. – Eg kom ingen veg den gongen. Sidan tok eg ønsket mitt opp på årsmøtet i Lavik IL tidlegare i år, og idrettslaget stilte seg bak initiativet. Lavik Helselag og Pensjonistforbudnet Lavik kasta seg også med, og vi fekk formulert eit skriv som vi sendte kommunen der ønsket om eit slikt tilbod vart gjentatt. Responsen frå kommunalsjef helse og omsorg, Bente Nesse, var positiv, men det var først da Frisklivssentralen til kommunen vart oppretta 1. september at det vart mogleg for kommunen å hjelpe til. – No har vi hatt torsdagstrim fire gongar, og vi blir stadig fleire med ny rekord på 42 frammøtte i dag. Sjølv da ekstremvêret «Jakob» herja kom det 20 som ville nytte ein time til litt fysisk utfalding. Det er heilt tydeleg at dette er eit tilbod som folk set pris på, og er glade for.Det er ingenting å seie på innsatsen under torsdagstreningane i Lavik, og treninga går lettare med godt humør, og med god rettleiing frå fagfolk.
Friskusar med faste treningar i Lavik
Da Frisklivssentralen i Høyanger vart ein realitet fekk eldre i Lavik endeleg treningstilbodet som dei har venta på i fleire år.