Vel 40 frammøtte hadde teke turen til julekonsert i Lavik kyrkje, og vel plassert på benkeradene vart publikum ønskt velkomen av Stella Arntsen (6) og Tuva Arntsen Hvidsten (8). Dei gjekk rundt og delte ut sjokolade, og jentene, som for høvet var pynta i finkle og julefargar, fortel at dei begge er veldig glade i jula, og at det beste med julefeiringa er å få gåver.
– Det eg ønsker meg aller mest til jul i år er ein babykatt, seier Stella, medan Tuva legg til at det som ligg på topp på hennar ønskeliste er eit par nye øyredobbar.Flotte kyrkjerom
Initiativtakaren bak julekonserten i Lavik denne laurdagen var Gro Gunnarson, som til dagleg jobbar som kantor i Førde. – Det er veldig mange flotte kyrkjerom rundt om i vårt område som folk gjerne ikkje har besøkt. Som kantor ønskte eg å få til ein julekonsert i Lavik kyrkje, noko soknerådet var positive til. – Til konserten fekk eg med songkoret Alværa Vocalis og Fjordklang frå Hyllestad, som til denne konserten også vart sett saman til eit felleskor. Eg er utruleg glad for at vi også fekk med oss kulturskuleeleven Samuel Arntsen som spelar utruleg fint på fiolin, samt Keiko Matsu-Li, som eg kjenne litt frå før, og som er veldig dyktig på blokkfløyte. Eg er godt nøgd med konserten, som eg tykkjer vart både stemningsfull og fin, fortel ho. Gunnarson, som og er utdanna musikkpedagog, og som er kjent for sitt sterke engasjement innan kyrkjemusikk og kyrkjesong, har stått i bresjen for fleire musikalske samarbeidsprosjekt i inn- og utland.


Julesong og tradisjon


Begynte som 4-åring
I tillegg til solonummer, allsong og vakker korsong frå Fjordklang frå Hyllestad og Alværa Vocalis under leiinga av Gunnarson, vart kyrkjerommet også fylt med nydeleg instrumentalt utfolde i form av blokkfløyte og fele, framført av Keiko Matsui-Li og 11 år gamle Samuel Arntsen frå Førde. – Når begynte du å spele fiolin, og kvifor? – Eg begynte å spele fiolin på kulturskulen i Førde da eg var om lag 4 år, og tykkjer at det er eit veldig fint instrument. Det å spele fiolin er ganske vanskeleg, derfor kjenner eg på ekstra meistring når eg får det til. Sjølv om eg likar å spele mykje forskjelleg, så tykkjer eg musikkstykke som opus 35 første sats i «Conserto in b minor» av Oskar Rieding, som eg framførte her i dag, er eit veldig fint stykke å spele. Slike stykke gir meg mest utfordring, seier han til Ytre Sogn. Med julesongar som mellom anna «Det lyser i stille i stille grender», «Det kimar no til julefest», «Deilig er jorden», og ein nydeleg versjon av julesalmen «Mitt hjarte alltid vankar» framført av Elisabeth Sowerby Anthun, vart julestemninga i Lavik kyrkje på topp, knappe 14 dagar før jul.
