Tørrkoking var årsak til brann

Tørrkoking i samband med matlaging var årsak til brannen i eit hus i Høyanger natt til søndag.


Det opplyser Kristoffer Jorddal Lønning, teamleiar for politet i Høyanger, til Ytre Sogn.

Mannen som budde i huset greidde å ta seg ut på eiga han, og kom uskadd frå det heile.

– Vi avhøyrte mannen og andre vitne denne veka, i tillegg til å ha gjort undersøkingar på brannstaden. Ut ifrå det har vi no kome fram til at brannen oppstod på kjøkkenet i samband med matlaging. Det er altså ikkje noko som tyder på at brannen skuldast feil på elektriske apparat eller anna, seier Lønning.

Det var kraftig røykutvikling, men ingen opne flammar, då brannvesenet kom til staden i 3-tida natt til søndag. Dei fekk raskt  kontroll over brannen.

– Men det er omfattande skadar innvendig, særleg på kjøkenet, seier Lønning. 

Saka blir no sendt vidare til politijurist som skal vurdere om den skal vidare i rettssystemet.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.