Naudetatane i Høyanger rykte onsdag kveld ut til eit bustadhus på Håland i Høyanger sentrum etter å ha motteke melding om brann like over klokka 23.
Då brannmannskap kom til staden var huset overtent og det var ikkje mogleg å gjere søk i bygget. Huset stod heller ikkje til å redde, og brannmannskapa fokuserte innsatsen sin på å hindre spreiing av brannen.

Ordførar Petter Sortland i Høyanger fortel at kommunen har iverksett kriseteam ovanfor naboar og dei som varsla om brannen, men at dei har takka nei til vidare oppfølging. – Den sakna mannen som truleg er omkomen var i eit tiltak knytt til «Grøn omsorg» og kjem frå ein anna kommune i regionen. Denne kommunen har iverksett sitt kriseteam mot dei pårørande. Orføraren fortel at tankane hans går til familie og dei etterlatne, og både han og politileiar Kristoffer Lønning takkar lokal beredskap for god innsats. – Brannmannskap, sivilforsvar og andre frivillige gjorde ein kjempeinnsats natt til torsdag, og hindra at brannen eskalerte vidare og spreidde seg til nærområda.