Tilbodsprisen på nybygget er 680 millionar. Byggestart er sett til rundt påsketider.

Tilrår nybygg ved sentralsjukehuset

Helse Førde ønskjer å inngå kontrakt med Veidekke om å bygge eit åtte etasjar høgt bygg ved sida av den eksisterande høgblokka ved Førde sentralsjukehus.


Den gamle høgblokka, Svanabygget, skal byggast om og koplast saman med nybygget.

Administrerande direktør Arve Varden (biletet under) legg planane fram for styret 29. januar, saman med ei tilråding om å inngå kontrakt med Veidekke Entreprenører AS. 

Frå 2018 og fram til no har Helse Førde gjennomført eit omfattande utviklingsarbeid med eit nytt somatisk sjukehusbygg, Livabygget. I samhandling med Veidekke er arealet og dei tekniske løysingane finpussa og tilpassa behov, krav og investeringsramme.

- Livabygget slik det blir presentert for styret, er eit areal- og kostnadseffektivt prosjekt, seier Arve Varden. 

- Vi er trygge på prosjektet, og rår styre til å inngå kontakt med Veidekke. 

Moderne og smart 
Livabygget blir største delprosjektet i det store moderniseringsarbeidet som pågår ved Førde sentralsjukehus. Det er også det mest krevjande når det kjem til kompleksitet og teknologi. 

Nybygget vil mellom anna innehalde nye operasjonsstover med observasjonspost og oppvakning, ny sengepost for føde- og barsel og for barn. Pasientane vil få nye sengerom basert på prinsippet om einerom Det nye Livabygget vil i tillegg styrke viktige støttefunksjonar som ny sterilsentral. 

- Sentralsjukehuset har utført sine oppgåver på ein god måte i 40 år. No trengst fornying, og vi har her eit prosjekt som løftar sjukehuset inn i det 21. hundreåret, seier Varden. 

Pris på 680 millionar
Byggeprosjektet er utvikla i samarbeid med fleire partar. Tilsette i Helse Førde har heile tida vore involverte i utviklingsarbeidet, og det er brei semje internt om at dette er det rette prosjektet. 

Det er gjennomført uavhengig revisjon av kostnadsnivået på tilbodet frå Veidekke, og gjort ei prissamanlikning med andre sjukehusprosjekt. Konklusjonen er at tilbodet frå Veidekke er konkurransedyktig prisa.

Tilbodsprisen frå Veidekke er 680 millionar. Byggestart er sett til rundt påsketider.

Med eit positivt vedtak i styret, tek Helse Førde sikte på å signere kontrakt for Livabygget og påkoplingsarealet i Svanabygget.   

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.