Administrasjonen i Helse Førde tilrår å legge ned Tronvik.

Helse Førde tilrår ned­legging av Tronvik

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, har tilrådd å legge ned drifta ved seksjon drift rus døgn Tronvik med verknad frå 1. april, 2024.


Det var tysdag at meldinga om administrasjonen si tilråding kom, to og ein halv månad etter at meldinga om at Tronvik var ein at tiltaka helseføretaket såg på for å spare pengar.

Helse Førde har eit stort underskot, og må dekke inn minst 130 millionar kroner på budsjettet for neste år. Helse Førde varsla på styremøtet på Tronvik i slutten av oktober at dei vil kutte 50 millionar kroner i drift og vedlikehald for 2024, og finne ytterligare 50 millionar i kutt fram mot styremøtet i januar.

Dei siste 30 millionar kronene vil dei måtte finne i løpet av budsjettåret 2024.

God kapasitet
I tilrådinga argumenterer Varden for at det er god kapasitet på rus og psykiatri i Helse Førde, med relativt korte ventetider. 

 – Bak tilrådinga ligg ei omfattande heilskapleg vurdering, der kapasiteten innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) i Helse Førde sitt opptaksområde har vege tungt. Her er vurderinga at Helse Førde framleis kan gje eit forsvarleg tenestetilbod innan TSB, sjølv om ein reduserer kapasiteten på døgnbehandling i eige føretak, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Det er i dag omlag 30 årsverk fordelt på 52 tilsette ved Tronvik, med 15 ein kapasitet på 15 døgnplassar og eit belegg på 65 prosent.

I tilrådinga vert det også lagt vekt på at ingen av dei tilsette som blir råka av ei eventuell nedlegging skal miste jobben.

Florø
Helse Førde tilrår også å legge ned medisinsk poliklinikk, radiologi og fysioterapi i Florø. Også smertepoliklinikken og LMS-tilboda i Florø blir tilrådd flytta til sjukehuset i Førde.

– Styret i Helse Førde blir gjort kjende med tilrådingane i samband med styremøtet neste tysdag. Det er likevel ikkje lagt opp til at endeleg vedtak skal skje før på styremøtet i januar 2024, står det i pressemeldinga.