Det var ein smått forfjamsa og lettare ubekvem Ståle Walsvik ved Høyanger vidaregåande skule som måtte finne seg i å stå i rampelyset måndag da ei gruppe fornemme personar kom på besøk for å dele ut den gjeve prisen som Årets entreprenørskapslærar 2024. Det er ein pris som kvart år blir delt ut av Ungt Entreprenørskap i samarbeid med Virke. Blant prisutdelarane var Åsmund Berthelsen, som er leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune. Som alle andre hadde Berthelsen berre godord å seie om Walsvik denne dagen. – Ståle har som lærar gått i førevegen og lagt til rette for entreprenørskapssamarbeid både internt og eksternt. Han er ei ekte eldsjel som står på for at elevar og lærarar skal få best mogleg utbytte av arbeidet med entreprenørskap. Berthelsen fekk og æra av å lese opp juryen si begrunning for tildelinga til Walsvik framfor kollegaer og elevar i kantina på skulen. – Ståle er opptatt av at elevane skal oppleve stoltheit for eiga fag- og yrkesutøving, legg til rette for kreative prosessar, og oppmodar elevane til å prøve og feile. Han har fått til forankring av entreprenørskap som læringsprosess i leiinga ved skulen, noko som gir breiare involvering i arbeidet, og som gir resultat. 70 - 80 prosent av elevane i Høyanger deltek i ungdomsbedrifter.
Ståle Walsvik (midten) ved Høyanger vidaregåande skule er Årets entreprenørskapslærar 2024. Her flankert av, frå venstre, Gry Sæterdal (dagleg leiar Ungt Entreprenørskap Vestland), Geir Helge Østerbø (varaordførar i Høyanger kommune), Kristin Sagerøy Råsberg (rektor ved Høyanger vidaregåande skule), Grete Ingeborg Nykkelmo (dagleg leiar Ungt Entreprenørskap), Eivind Husabø (prosjektleiar Ungt Entreprenørskap Vestland) og Åsmund Berthelsen (leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune).
Ståle er norges beste entreprenørskapslærar
På landsbasis finst det over tusen lærarar som jobbar med ungt entreprenørskap. Den dyktigaste av dei held til i Høyanger.