Stolne traktordelar på sørsida


Siste veka har politiet i Høyanger motteke fleire meldingar om stolne traktordelar på sørsida.

Difor oppmodar dei no alle som eig traktor der og elles i distriktet om å melde i frå om dei oppdagar liknande. Politiet er av den oppfatninga at vinningskriminelle har vore på gjennomreise i distriktet.