Trafikkulykke på sørsida - dei involverte er oppegåande

Stasjon Bjordal rykker ut.


Dette melder 110 Vest på X (tidlegare Twitter) i dag klokka 12.16.

Ulykka har skjedd på Sørsidevegen og involverte to personbilar. Det er ikkje meldt om personskader, og dei involverte er ute av bilane og oppegåande, melder Vest politidistrikt.

No ventar ein på bilberging.