Med Vi2 på scena og ein feststemt gjeng på danseflaken vart det ein kjekk kveld på Søreide laurdag. Over 150 gjestar på flakedansen og 72 påmelde fiskarar under fiskefestivalen er gode besøkstal for dei tradisjonsrike arrangementa. (Alle foto: Privat)

Ny rekord for fiskefestivalen på Søreide, og topp stemning på danseflaken

Søreide er ein glimrande stad for både fisking og festing, og i helga sette bygda ein ny rekord.


Med 72 påmelde fiskarar vart det ny deltakarrekord under den tradisjonsrike fiskefestivalen på Søreide laurdag. Av den totale fangsten på 17,2 kilo – eit snitt på 240 gram per deltakar –  vart det laga fiskesuppe for sal, og som motyting fekk mang ein heldig fiskar fine premiar sponsa av lokale bedrifter.  

Seinare på kvelden var det duka for jonsokfeiring og tilhøyrande flakedans.

– Det kom gjestar frå  nær og fjern. I tillegg til lokale heltar stilte nordsida av kommunen sterkt, og det kom og folk frå Nordhordaland. Det var i overkant av 150 besøkande, noko som er eit godt oppmøte for flakedansen vår, fortel Preben Søreide i arrangørgruppa.

Fiskefestivalfangsten på 17,2 kilo vart nytta til å lage kortreist fiskesuppe for sal.

Musikken på kveldstid var det Vi2 som stod for, og dagen var i det heile fylt med aktivitet for både små og store.

– Ungbjørka 4H hadde ein kiosk med mykje godt bakverk og ein artig natursti på dagen, og då kvelden kom fyrte vi opp jonsokbålet og let dei yngste få kose seg med litt livemusikk før arrangementet vart retta meir mot eit vaksent publikum.

Danseflaken vart flittig brukt ifølge Søreide, og det same kan seiast om matboden denne kvelden. Søreide gir stor honnør til kioskgjengen som stod for serveringa.

– Menyen i år var komponert av Mona Steinsvik og var særs eksklusiv. Den inneheldt mellom anna ein aldeles nydeleg sushi som er den beste eg har smakt, og eg har smakt mykje! Elles kunne folk kose seg med auretaco, kylling sathai, saftig burger og velsmakande pølse i brød. Flakedansen i år vart med andre ord og ei skikkeleg kulinarisk oppleving.

Ungdomen kosa seg, slik dei har for vane å gjere, under den tradisjonsrike flakedansen.

Dagen derpå kunne arrangørgruppa konstantere at både fiskefestivalen og flakedansen var ein suksess, noko som vil kome bygda til gode også framover.

– Det vart eit solid overskot som skal gå til investeringar i bygda rundt nærmiljøanlegget ved moloen vår, men nøyaktig kva oppgraderingar som vil kome der må vi kome tilbake til litt seinare.

Det var god lunk i jonsokbålet.

Resultatliste fiskefestival

Størst fangst: Tom Veum 
Nest størst fangst: Jasmin Baroni
Størst fisk: Oline Østerbø
Nest størst fisk: Jarle Bolstad
Størst edelfisk: Synne Veum
Flest fisk: Bart Bonstra
Flest artar: Emilie Østerbø
Minste fisk: Paul Søreide

Dagens Idealvekt (nytt av året!!) vart 428 gram, og her fekk Synne Veum innertiar med ein sjøaure på 428 gram 😊