Det er lang tradisjon for fest og moro på «flaken» på Søreide, og til helga brakar det på ny laus med fiskefestival og flakedans. Dette bildet er frå Osland Havbruk sitt 60-årsjubileum i 2023.

Festar for ei god sak på Søreide

Ingen jonsokfeiring utan fiskefestival og flakedans på Søreide, men i år går festinntektene til å gjere bygda enda litt betre å bu i.


Laurdag kl. 12 går startskotet for fiskefestivalen på Søreide der ein kan vinne fine premiar om ein har fiskelukka med seg. Etter at siste fisk er vegd blir det kafé og aktivitetar før kveldsprogrammet byrjar kl. 20.

– Då blir det båltenning og litt familieaktivitetar før det blir fest og dans for dei over 18 kl. 21, fortel uoffisiell og lettare påtvinga talsmann for arrangementet, Preben Søreide.

– Heile dagen blir etter god gamal oppskrift som mange er godt kjent med etter mange tiår med fiskefestival og flakedans, men vi har eit nytt innslag i år. I år vil det nemleg bli kokt fiskesuppe på ein del av fangsten under fiskefestivalen, og den vil det vere mogleg å kjøpe både på dag- og kveldstid.

Investerer i bygda

Kveldsprogrammet er det Søreide Båtforening og LivOGLyst-prosjektet på Høyanger sørside som står bak, og dei har heilt konkrete planar for eit eventuelt overskot som arrangementet måtte generere. 

– Inntekene vil bli brukt på tiltak i moloen i bygda. Vi har eit mål om å få på plass ei ny gjestebrygge der, og kanskje og ei badstove og litt planter og slikt som kan gjere området til ein enda flottare stad å opphalde seg sommarstid.

Ein god del kjem sjøvegen for å delta på fiskefestivalen og flakedansen på Søreide, og dei kan som alltid legge til på den noverande gjestebrygga. For dei som ønsker å oppleve meir av det bygda har å by på denne dagen tilrår Søreide ein tur opp til den nye dagsturhytta på Åsenutsikta 325 meter over havet. 

– Vegen opp til dagsturhytta startar like ved båthamna, så det passar veldig godt med ein snartur opp der om ein kjem sjøvegen. Hytta ligg omlag tre kilometer frå hamna, så den turen er ei fin oppvarming for ein innhaldsrik dag på Søreide.