Det var tidlegare snakk om at dette arbeidet skulle gjerast i Breidalen i 2024, men det har tydelegvis vorte utsett. Arbeidet inneber at det vert støypt ein mur i forkant av dei eksisterande steinmurane, noko som inneber at steinmurane vert dekte til. Stien til turlaget til Steinbrua og vidare til Viksdalen går gjennom steinbrotet og forbi demningen i Øvre Breidalen. Viss ein vil sjå på desse vakre kulturminna, må ei ta turen til Breidalen denne eller neste sommar.
Utbygginga vasskrafta
Utbygginga av den første av vasskrafta i Høyanger skjedde i fleire omgangar, først med Øren- og Hjetlandsvassdraget i 1917, så tidleg i 1920-åra med utbygging i Nedre og Øvre Breidalen. I slutten av 1930-åra kom så Eriksdalen. Steinen til demningen i Øvre Breidalen vart hoggen ut i Nedre Breidalen og frakta over Nedre Breidalsvatnet med flåte og robåt. Deretter vart det brukt taubane opp til øvre. Sandtransporten til støypearbeidet føregjekk med taubane, medan vaskinga av sanden måtte gjerast manuelt. I steinbrotet var både minebor og feisel framleis i bruk, men reiskap som trykkluftboret hadde også gjort sitt inntog. Dei store steinblokkene som vart tekne ut, vart nytta til kledning utanpå damkjernen som var av betong.



