No startar sprengingsarbeidet i Bogstunnelen, noko som vil føre til nattestenging. (Foto: Statens vegvesen)

Startar sprengingsarbeid i Bogstunnelen

Neste veke startar sprengingsarbeidet på nettene i Bogstunnelen.


Sprengingsarbeidet vil vare i seks månader framover.

– Vi skal sprenge ut nye havari-nisjar og plass til tre tekniske rom inne i tunnelen. Dette vil medføre ein del anleggstrafikk på natt frå tunnelen og opp til kommunalt deponi i Tangevegen i Vadheim med steinmassane, seier byggeleiar Thor Fridtjov Jensen i Statens vegvesen.

Sprengingsarbeidet startar i veke 4, og cirka 11 000 kubikkmeter med stein skal ut av E39 Bogstunnelen. Tunnelen vil vere stengt mellom kl. 23.00 og 04.00, med eit gjennomslepp frå begge sider kl. 02.00. På kvelden mellom kl. 18.00 og 23.00 er det kontinuerleg kolonnekøyring gjennom tunnelen.

Godt i gang

Sidan oppstarten i oktober har entreprenøren demontert gamal vass- og frostsikring, lagt om høgspentkablar og gjort førebuande arbeid for perioden med sprengingsarbeid.

Det lokale firmaet Birkeland Entreprenørforretning AS er hovudentreprenør på prosjektet, og Mesta kjem inn som underentreprenør på elektroarbeidet. Oppgraderinga av Bogstunnelen skal vere ferdig i september 2026.