For dei fleste er Storgata 5 staden der KaffeTelegrafen heldt hus fram til 2023. Dei nye eigarane av bygget, ArtSys Solutions, vil no i samarbeid med Veronica Nessestrand som var del av KaffeTelegrafen starte opp eit nytt lunsjtilbod og bakeri.
Lars Jonas Pedersen driv ArtSys Solutions AS saman med Anders Gimmestad Gule, Han fortel dette er ein ide som har fått utvikla seg over litt tid. – Vi overtok bygget i vår, og gjennom sommaren har vi hatt dialog med Veronica og kasta litt ball for å lande på eit bærekraftig konsept. I sommar hadde vi «pilotlunsjar» der vi inviterte vener og slekt til test-lunsj. Dette fungerte bra og vi fekk veldig god respons på maten, så no vågar vi oss litt frampå. Konseptet er i første omgang som følgjer. Bestill bakevarer bakt frå botnen på nett, både av typen påsmurt og utan.