Startar opp med hytteutleige på Norevik til påske


Allereie same dag kjøpsavtalen vart underteikna, starta ekteparet Eirik og Therese Strand arbeidet med å rydde området, både inne og ute.

Noko av det første dei vil gjere er å pusse opp 8 av dei 11 hyttene. Målet er å ha dei klare til utleige til påske neste år. 

Dei reknar med å bruke 1,2 millionar kroner på arbeidet dei no er i gang med, fortel dei til Ytre Sogn.



- Vi har allereie bestilt nytt kjøken til hyttene, inkludert oppvaskmaskin og steikomn med platetopp. Men først skal det gamle ut, seier Eirik Strand og ser seg om i hytte nummer 9, ikkje langt frå hovudhuset på det som inntil fredag var feriestaden til Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening på Norevik. 



Det gjeld også resten av innhaldet i hyttene.



- Alt skal opp på 2020-nivå, som er forventa når ein leiger hytte i dag.



Kona Therese nikkar.



- Sitjegruppene er også utdaterte, seier ho. 



Planen er å leige ut nokre av dei på åremål, slik at dei er sikra inntekter. Det same gjeld heilårsplassar til campingbilar.



- Vi vil også ha båtuleige. Det går jo ikkje å drive ein plass med slik beliggenheiten, utan at dei som bur her kjem seg utpå, seier han og kan fortelje at dei allereie har blitt kontakta av folk som er interesserte i å leige heilsårsplassar, blant anna frå Førde og Voss. 



- Dei vil til sjøen.



Les meir i neste Ytre Sogn!


Kjøpsavtalen vart underteikna denne veka. F.v. Stine Baumann, Therese Strand, Eirik Strand, Terje Ljotebø og Lars Kjetil Skeie.