Fagforeningens Musikklag og Høyanger skulemusikk spelte i lag på konserten i hagen til sjukeheimen i Høyanger.

Sommar­konsert med Fagforeningens Musikk­lag og Høyanger skule­musikk

På onsdag gjennomførte Fagforeningens Musikklag og Høyanger skulemusikk sin tradisjonelle sommarkonsert i hagen til sjukeheimen i Høyanger, og det skapte god stemning.


Repertoaret som blei spelt i den solfylte hagen var alt frå 17. mai-marsjar til songar frå The Beatles.

– Det er tradisjon for oss å spele for sjukeheimen før vi tek sommarferie. Vi tenkjer det er viktig at vi spelar her for å spreie glede, noko vi også gjer i jula og ved nyttår. Fagforeningens Musikklag er 100 år i år, så det er mange som kjenner til oss her på sjukeheimen. Og sjølv om vi no tek sommarferie, tek vi ikkje heilt fri frå notar fordi om. Vi har allereie begynt å øve til jubileumskonserten vår som vi skal ha no i haust, så vi har litt å øve på i sommarferien òg, fortel Gry Sissel Sagen, leiar i Fagforeningens Musikklag.

Jason Burn, som er dirigent for begge korpsa, introduserte stykka dei spelte, og smigra dei eldre med tilbod om instrument­opplæring. Dirigenten likar at denne konserten er måten Fagforeningens Musikklag og skulemusikken avsluttar for sommaren på. 

– Å spele konsert i hagen ved sjukeheimen er ein fin måte å avslutte sesongen på. Det er ein avslappande konsert med lite press, og eit veldig fint publikum. Da er det hyggeleg at vi har med oss dei unge frå Høyanger skulemusikk òg, fortel han.

Bebuarane på sjukeheimen sette stor pris på konserten, og det var folk både i hagen og på verandaane som høyrte på musikken som vart spelt. Musikken er svært viktig for dei eldre fortel Anne Marie Merkesvik Fimreite, som er sjukepleiar på sjukeheimen i Høyanger.

– Det er kjempeflott for dei som bur her at korpsa kjem og spelar, og dei må gjerne komme oftare! Vi ser at bebuarane lyser opp. Dei kjenner att Fagforeningens Musikklag som har vore i Høyanger gjennom heile oppveksten og liva deira, og vi ser at musikken fyller dei med minner og glede, seier ho.